GLATT: Politiet åtvarar om glatte vegar mange stadar i fylket laurdag morgon. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes
GLATT: Politiet åtvarar om glatte vegar mange stadar i fylket laurdag morgon. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes

Vêromslag i fylket

Tidleg laurdags morgon gjekk politiet ut og åtvara om glatte vegar i distriktet.

Enkelte plassar i fylket er det meldt om særs glatte vegar og vanskelege køyreforhold. På Twitter oppmodar politiet alle som skal ferdast på vegane til å køyre forsiktig.

Nedbøren frys

På fredag gjekk Statens Vegvesen ut med ei påminning om at vegar kan vera svært glatte sjølv om det er plussgrader og regn.

– Mykje kulde er lagra i bakken, som gjer at nedbøren frys når den når vegen, sa Tore Bergundhaugen på trafikktryggleiksseksjonen i Statens vegvesen.

Til toppen