GLATT: Det er venta vêromslag frå fredag og utover helga, noko som kan gi svært glatte vegar enkelte stader, åtvarar Statens vegvesen. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
GLATT: Det er venta vêromslag frå fredag og utover helga, noko som kan gi svært glatte vegar enkelte stader, åtvarar Statens vegvesen. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Vêromslag kan gi spinnglatte vegar

Statens vegvesen går ut og åtvarar bilistar på Vestlandet.

Årdal/Lærdal: I Sogn og Fjordane er det frå fredag og inn i helga venta midlare vêr og regn som frys på bakken. Det kan gi ekstremt glatte vegar enkelte plassar. 

Kuldegrader skal bli til plussgrader, og lokalt kan det vera store forskjellar. Difor ber Statens vegvesen folk om køyre forsiktig og hugse at vegane kan vera svært glatte sjølv om det er plussgrader og regn.

– Mykje kulde er lagra i bakken, som gjer at nedbøren frys når den når vegen, seier Tore Bergundhaugen på trafikktryggleiksseksjonen i Statens vegvesen.

Salting gir lite effekt

Det glatte føret kan vare heile helga.

– I sør og nærast kysten seier vêrvarsla sludd og regn, litt lengre innover i landet seier varsla snø som går over til sludd og regn etter kvart, seier Bergundhaugen. 

Ikkje ein gong salting vil hjelpe når forholda er som dei er no. 

– Når så mykje kulde er lagra i vegane, har salt mindre effekt. Kjem det ein del regn i tillegg, blir saltet vaska vekk. Då kan vegane igjen fryse til, forklarer han.

Vêroprognosane kombinert med erfaringar frå tilsvarande vêromslag tilseier at det blir farleg glatte vegar fleire stader i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. 

Til toppen