BØR FÅ PÅSKJØNING: Åsmund Berthelsen(t.v) og Marte Hammer meiner at i staden for å bli straffa bør ein fått påskjøning for fordi vi rustar Vestland til å møte utfordringane i framtida, på arbeidsmarknad, industriutvikling og grøn omstilling.
BØR FÅ PÅSKJØNING: Åsmund Berthelsen(t.v) og Marte Hammer meiner at i staden for å bli straffa bør ein fått påskjøning for fordi vi rustar Vestland til å møte utfordringane i framtida, på arbeidsmarknad, industriutvikling og grøn omstilling. (Nikita Solenov)

MEININGAR

Vert straffa for å lukkast

Regjeringa straffar Vestland fylkeskommune for å lukkast med å sikre arbeidskraft for framtida og for å følgje opp miljøkrava til Stortinget i anbod, meiner Marte Hammer og Åsmund Berthelsen.

Meining: Medieoppslag dei siste dagane syner at Vestland fylkeskommunane er i ein krevjande økonomisk situasjon. Men situasjonen er ikkje eit resultat av aktløyse og manglande politisk styring. Det er stikk motsett. Auken i utgiftene er resultat av at Vestland har lukkast, og lukkast veldig godt. Både på miljø og opplæring.
 
Anboda med dei miljøvennlege ferjene i gamle Hordaland er vel kjent. Dei får ned klimautsleppa! Men dei er framleis hovudgrunnen til spareprosessen i fylkeskommunen. Anboda medverka til 350 millionar i auka årlege kostnader. Ein ynskt og villa politikk som er tinga av Stortinget og som har redusert utsleppa frå ferjene med 90 prosent. I tillegg er det god næringspolitikk fordi det har medverka til å sette den maritime næringa vår i førarsetet i den grøne omstillinga internasjonalt.
 
Fylkeskommunen fekk nokre millionar i sommar, men framleis ikkje ein talfesta sum for åra framover. Difor held fylkesrådmannen med å legge inn kut for å få budsjett og økonomiplan til å gå opp.
 
På opplæring er det også overforbruk, men det har knapt nok vore fokus på at hovudgrunnen er at vi har lukkast. Lukkast med å få fleire til å ta yrkesfag, og kome ut i lære. Ein nasjonal og ønskt utdanningspolitikk har Vestland fylkeskommune lukkast med. 40 millionar i overforbruk fordi vi har auka tilskot til lærlingar for å få fleire ut i lære. Og då sjølvsagt auke i tal på dei som faktisk tek fagprøva.
 
Det er mest som eit hån at regjeringa struper dette feltet, men samstundes seier at dei driv ein aktiv nærings- og utdanningspolitikk som legg til rette for framtidas arbeidskraft. Regjeringa straffar Vestland fylkeskommune for å lukkast med å sikre arbeidskraft for framtida og for å følgje opp miljøkrava til Stortinget i anbod. I staden burde ein fått påskjøning for fordi vi rustar Vestland til å møte utfordringane i framtida, på arbeidsmarknad, industriutvikling og grøn omstilling.
 
Til toppen