Sogndal: – Eg trur alle koste seg. Dei fekk oppleve noko som for mange var heilt nytt, seier Erling Thokle Hovden.
Denne helga arrangerte studentorganisasjonen Lurkarlaget isklatring for fleire av medlemmene sine. Det var dei rutinerte isklatrarane Erling Thokle Hoven og Brage Storebakken som instruerte ungdomane.
– Isklatring er ein sport som krev mykje førebuing. Me var ikkje ei so stor gruppe då, so alle fekk klatre ganske mykje. Det trur eg dei sette pris på, seier Hovden.

Vil syne fram sporten
Det var Lurkarlaget som arrangerte isklatringa og billettane forsvant raskt. Berre ti stykker kunne vere med på aktiviteten. Hovden meiner det var like greitt dei var få på arrangementet.
– I og med at me var ei lita gruppe fekk kvar og ein klatre rimeleg mykje. På slutten av dagen hadde nesten alle greidd alle rutene me hadde laga til, seier Hovden.
Arrangementet var ikkje noko kurs, men berre ein smakebit av sporten for dei interesserte. Fleire av dei fortalde det var ei aukande interesse for isklatring, spesielt i klatremiljøet.
– Alt i alt vil eg seie det var ei hyggeleg og trygg oppleving, både for oss og ungdomane. Dei fekk prøve seg litt på klatring i foss, og me fekk oss ein tur ut, seier Hovden.
Lurkarlaget har planlagt fleire isklatreturar for medlemmene sine utover vinteren.
