Sogndal: Bakgrunnen for ønsket frå politiet er saka der ei to år gammal jente la ut på vandring i Sogndal sentrum midt på natta, skriv NRK.
– Vi prøvde å komme i kontakt med barnevernet fleire gonger. Men det viser seg at det ikkje finst ei døgnopen vaktordning i Sogn og Fjordane, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Per Rimmen til NRK.
Det var til slutt to studentar i 20-åra som enda opp med å ta vare på den to år gamle jenta, som hadde gått to til tre kilometer.
Barnevernsleiar i Sogn Barnevern, Hadle Blikra er einig i at beredskapen må bli betre. Barnevernsleiaren kan opplyse om at det blei sendt eit utsegn frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i juni, som seier at alle kommunar skal ha ein akutt beredskap i barnevernstenesta. (©NPK)