BYGGJER OM: – Me ser fram til å starte opp byggjeprosjektet, seier assisterande banksjef, Gunnar Skahjem (t.v.). T.h.: banksjef Mads Indrehus.
BYGGJER OM: – Me ser fram til å starte opp byggjeprosjektet, seier assisterande banksjef, Gunnar Skahjem (t.v.). T.h.: banksjef Mads Indrehus.

Vest politidistrikt har valt Sogn Sparebank som leverandør av lensmannskontor i Aurland og Lærdal

– To viktige samfunnsfunksjonar samlast no under same tak, politi og bank, seier banksjef Mads Indrehus.

Aurland/ Lærdal: Banken eig mange store bygg i lokalsamfunna i Sogn, og sentrumsbygget i Lærdal er eitt av dei.

No skal heile bygget rustast opp.

– To viktige samfunnsfunksjonar samlast no under same tak, politi og bank. Me er veldig glade for å bidra til at politiet får framtidsretta og gode lokale i Sogn, seier banksjef Mads Indrehus i Sogn Sparebank, i ei pressemelding.

– Me bidreg no til å skapa aktivitet i Lærdal sentrum. Ingen er tent med at bygg står tomme, og me ynskjer at bygga skal kome lokalsamfunnet til gode, seier Indrehus.

Bygger også om lokala i Aurland

Banken skriv at arbeidet har vore jobba med lenge. 

– Dette er noko me har jobba med over lang tid, og det er utruleg kjekt å få positiv tilbakemelding frå politiet. Me ser fram til å starte opp byggjeprosjektet, seier assisterande banksjef, Gunnar Skahjem, som har vore primus motor for prosjektet. 

Politiet har hatt kontor i bankbygget i Aurland i ei årrekkje. No set dei i gong ei ombygging av delar av kjellaren, for å tilpasse lokala til dagens krav.

Etter byggeperioden er ferdig, vil også banklokala framstå i ny drakt.

– Me jobbar no med å finne gode løysingar, slik at me kan vere til stades, ivareta og yte god service til kundane i Lærdal og Aurland i byggeperioden. Dette vil me kome tilbake til, seier Indrehus.

Til toppen