BEKYMRA: Politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad (t.h.), her med regionlensmann Arne Johannessen. Arkivfoto
BEKYMRA: Politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad (t.h.), her med regionlensmann Arne Johannessen. Arkivfoto

Vest politidistrikt i pengeknipe

Dersom ikkje Vest politidistrikt får økonomisk hjelp, kan dei måtte kutte 140 årsverk i 2017, åtvarar politimeister Kaare Songstad.

I eit brev til Politidirektoratet seier politimeisteren budsjettet er prega av «ein betydeleg ubalanse, der lønnsutgiftene er betydeleg høgare enn det som er økonomisk berekraftig».

Ifølgje Bergens Tidende meiner han forventningane til kva politiet skal rekke over aukar, mens ressursane ikkje held følgje. I tillegg har Politidirektoratet varsla 2 prosents budsjettkutt.

Dei økonomiske problema i Songstads distrikt heng saman med at store ressursar går med til Dark Room-sakene, Monika-saka, varslarsaka, narkotikasakene og den dyre politireforma. Investeringar er blitt utsette, men må no gjennomførast.

«Vidare vil ei eventuell mangelfull finansiering av auka ressursbehov ved Bergen lufthamn og nødvendig politiinnsats i samband med sykkel-VM 2017 forverre situasjonen ytterlegare», skriv han.

Songstad seier at om dei får 50 millionar i friske middel, men framleis må følgje kravet om kutt og berre delvis får finansiert sykkel-VM og grensekontroll, vil dei måtte kutte 100– 140 årsverk.

I beste fall håpar han på, men trur ikkje det skjer, at distriktet får 50 millionar kroner ekstra, slepper unna krav om 2 prosent budsjettkutt, og får full finansiering av utgiftene til sykkel-VM. Då kan Vest klare seg med ein reduksjon på rundt 30– 45 årsverk.

(©NPK)

Til toppen