SAMARBEID: Anne Kauppi (Ap) meiner at samarbeid mellom næringsliv og skule er viktig for å utdanna nok fagarbeidarar framover.
SAMARBEID: Anne Kauppi (Ap) meiner at samarbeid mellom næringsliv og skule er viktig for å utdanna nok fagarbeidarar framover. (Foto: Synne Asheim Haga/arkiv)

Vestland Ap inspirert av Årdal-modellen: – Samarbeid mellom næringsliv og skule viktig for nye Vestland

I september vitja medlem frå Vestland Ap Øvre Årdal for å diskutera kraftkrevjande industri, med fokus på samarbeidet mellom næringslivet og yrkesfagleg utdanning.

Årdal: Dét skriv Vestland Ap i ei felles pressemelding. 

Dei møtte fagpersonar og representantar frå næringa som er ekspertar på nettopp dette.

Hydro heldt innlegg om korleis dei samarbeidar med vidaregåande skule, igjennom ei ordning kor elevane får sjansen til å oppleva kva arbeidsmoglegheiter dei har gjennom yrkesfagleg utdanning.I tillegg får elevane får høve til å prøva ut profesjonelt utstyr liknande det dei skal bruke i framtida.

Kauppi: – Vil mangle fagarbeidarar i framtida

I fylkesvalgprogrammet føreslår programnemnda å ha meir samarbeid innan yrkesfagopplæring, slik som dei gjer i Årdal.

– Ingen veit heilt korleis framtidas arbeidsmarknad ser ut, men mykje peikar på at me kjem til å mangla fagarbeidarar i åra som kjem, seier ho og legg til:

– For å møta denne utfordringa er det heilt avgjerande at politikarar i samarbeid med næringslivet og legg til rette for at fleire elevar er klar over moglegheitene dei får gjennom yrkesfagleg utdanning, seier Anne Kauppi, som er Årdal si kvinne i programnemnda til Vestland Ap.

– Må læra av kvarandre

Ifølgje Kauppi kan Hordaland og Sogn og Fjordane læra mykje av kvarandre fram mot fylkessamanslåinga. 

Medan Hydro i Årdal er eit døme på ei bedrift som skrik etter fleire yrkesfaglærlingar, er det fleire elevar i Hordaland som ikkje får lærlingplass hjå ei bedrift, heiter det i pressemeldinga. 

Ei auke i samarbeidet mellom næringslivet og skulen, etter inspirasjon frå korleis det blir gjort i Årdal, kan vera med på å auke tallet fagarbeidarar i heile det nye fylket, sler Kauppi fast. 

– Eg er glad for at industrien i Årdal, med Hydro i spissen, er med på å fremja dei moglegheitene det er i å ta ein yrkesfagleg utdanning. I år er det yrkesfaga sitt år og no går vi til val på eit krafttak for yrkesfagelevane.

Til toppen