KUTT: Einar Rysjedal (midten) fryktar store økonomiske kutt i Vestland fylke, som blant anna vil råke vidaregåande skular i Sogn og Fjordane.
KUTT: Einar Rysjedal (midten) fryktar store økonomiske kutt i Vestland fylke, som blant anna vil råke vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

MEININGAR

Vestland – ein tragedie?

– Nedskjeringane i Vestland, inkludert Sogn og Fjordane, er truleg berre ein forsmak på kva vi kan vente oss, skriv Einar Rysjedal i innlegget.

Meiningar: Nedskjeringane i Vestland, inkludert Sogn og Fjordane, er truleg berre ein forsmak på kva vi kan vente oss. Allereie i 2020, skal dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane barberast med 6,4 millionar kroner.  

Hovudangrepet vil komme når ein ny skuleplan kjem på bordet. Den vil bli tilpassa at Vestland dei nærmaste fire åra (kanskje óg i neste fireårsperiode), skal kutte 500 millionar kroner, altså ein halv milliard. Då vil heile skular komme på hoggestabben. Ein treng ikkje mykje klarsyn for å sjå kor dei korttidstenkjande då vil svinge øksa.

Det ligg óg an til at ferjetakstane skal aukast. Etter Raudt si meining, burde ikkje ferjestrekningane prisast annleis enn vegstrekningar med same lengde og som ferjeturen er ein del av. Elektrifisering av ferjene skal óg reduserast.

Administrasjonen har i tillegg mellom anna foreslått kutt på kulturinstitusjonar, og til dømes Bokbyen i Fjærland og bokbåten. Serviceskyssen som mange ute i bygdene og grendene har nytt godt av, kan ryke. Rassikringa kan bli redusert, fordi løyvingane kan bli ein del av «ramma». Rassikringsmidlar kan kanskje hamne som eit kva som helst tiltak i tettbygde strok.

Dette og mykje anna, kan bli konsekvensen når fylkestingsmøtet i Sogndal 17. og 18. desember skal vedta budsjett for 2020 og økonomiplan dei komande fire åra.  

Med den mørkeblå regjeringa, som prioriterer skattelette til dei rike, hadde vi nok ikkje fått det heilt som vi ville om vi hadde oppretthalde Sogn og Fjordane. Sjølv om fylket vårt kanskje var det fylket i landet med best økonomi og dei beste skuleresultata mellom anna frå dei desentraliserte skulane.  

Etter litt «om og men», og kanskje berre spel for galleriet, gjekk fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane frivillig med på samanslåing med Hordaland. Skal vi tru så godt om dei at dei angrar? Dersom dei verkeleg angrar seg, burde dei gjere som fylkespolitikarane i Viken: leggje ein plan for oppheving av samanslåinga.  

Uansett, folkemeininga mot samanslåinga og misnøya med samanslåinga må organisere seg. Då kan vi på same måte som Viken (Akershus, Buskerud og Østfold) og Troms-Finnmark få oppløyst Vestland etter stortingvalet 2021. Men det krev at dei raudgrøne partia stiller opp.

Til toppen