30 MILL:
30 MILL: (Foto: Illustrasjonsfoto/Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkesutval har vedteke å bruke nesten 30 millionar kroner på nye tiltak

Det kjem fram i ei pressemelding frå fylkeskommunen

Vestland: – Me ser at det framleis er stort behov for støtte, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at Vestland fylkesutval har vedteke å bruke nesten 30 millionar kroner på nye tiltak for å bøte på problema i samband med koronapandemien.

Pengane skal gå til tiltak som skal heve kompetansen i arbeidslivet.

Pengane blir slik fordelt:

12,8 mill. kr til bedriftsintern opplæring
2 mill. kr til karriererettleing via Karriere Vestland
14,8 mill. kr til fagopplæring og fagskule

Kompetansehevingstiltak

Dette er pengar som regjeringa gjev til fylkeskommunane som auka rammetilskot i samband med koronapandemien. Pengane er øyremerka kompetansehevingstiltak. Dei skal gå til intern opplæring i bedrifter, til permitterte som kan få vidaregåande opplæring eller utdanning på fagskule, og til å styrke dei regionale sentra for karriererettleing.

Fylkeskommunen har tidlegare i år løyvt 11,4 millionar kroner til bedriftsintern opplæring, såkalla BIO-midlar. Pr. 13. mai hadde fylkeskommunen fått søknader for 19 millionar kroner og tildelt søknader for 10 millionar. Det meste av pengane har gått til små og mellomstore bedrifter, med noko overvekt mot industrien.

Mange søknader om støtte

– Me har stor pågang av søknader. Samstundes ser me at det framleis er næringar som er dårleg representert i søkjarmassen. Dette betyr at det framleis er eit stort behov for midlar til dette føremålet, og at pågangen vil auke etter kvart som nye næringar blir råka, spesielt som følgje av oljeprisfallet, seier Askeland.

På grunn av dei mange BIO-søknadene har fylkesutvalet vedteke å fylle på med 12,8 millionar kroner. Samstundes blir den maksimale ramma på 200 000 kroner pr. søknad auka til 800 000 kroner.

Auka pågang etter karriererettleiing

Auken i talet på permitterte og arbeidslause har medført auka pågang frå vaksne som ønskjer og treng karriererettleiing. To millionar kroner blir brukt til å auke denne kapasiteten.

Karriererettleiing  blir eit viktig verktøy for at desse arbeidstakarane kan ta nye karriereval og bygge vidare kompetanse, slik at den blir relevant for andre, framveksande næringar.  Tilbodet vil bli gjeve av Vestland fylkeskommune gjennom Karriere Vestland.

Styrka fagbrev på jobb

14,8 millionar kroner skal brukast til å styrke fagbrev på jobb og eit styrka stadbasert fagskuletilbod. Å ta fagbrev på jobb vart innført i 2018. Det gjev ufaglærte i jobb høve til å ta fagbrev, på same måte som gjennom lærlingeordninga og opplæring i vidaregåande skule.

– Dette er ei opplæringsordning som har fått stor merksemd i heile Vestland fylke gjennom innmeldte avtalar og søknader til fylkeskommunen. Me får samstundes eit monaleg trykk frå opplæringskontor og verksemder som er klar med nye tiltak. Me ser på fagbrev på jobb som ei tidseffektiv og kostnadseffektiv opplæringsordning både for arbeidstakarar, arbeidsgjevarar og fylkeskommunen, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Til toppen