FRÅ BALESTRAND: Lise-May Sæle, 11. kandidat i Vestland Høgre.
FRÅ BALESTRAND: Lise-May Sæle, 11. kandidat i Vestland Høgre.

MEININGAR

– Elevane skal møte arbeidslivet og yrka dei utdannar seg til tidlegare og oftare

I dette meiningsinnlegget skriv Vestland Høgre at dei ynskjer ein desentralisert skulestruktur med endå meir kontakt inn mot næringslivet.

Indre Sogn: Å lukkast med den vidaregåande opplæringa er eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga. Difor vil vi jobbe for eit inkluderande kunnskapssamfunn prega av mangfald og samhald.

Vi har store ambisjonar for den vidaregåande opplæringa i fylket. Vi ynskjer ein desentralisert og god skulestruktur som sikrar at elevane møter ein vidaregåande skule som gjer dei rusta for framtida.

Elevane må tett på næringslivet

Skulane våre og næringslivet vårt er desentralisert. Det betyr at vi må vere tett på. Regjeringa sine hovudmål for yrkesfagløftet er eit endå tettare samarbeid mellom vidaregåande opplæring og arbeidslivet. Skal vi kunne nå desse måla er det viktig at vi fortset å satse på ein desentralisert skulestruktur i heile regionen sånn at elevane kjem tett på det lokale næringslivet.

Elevane skal møte arbeidslivet og yrka dei utdannar seg til tidlegare og oftare enn dei gjer i dagens hovudmodell, gjennom vekslingsløp og at meir av opplæringa går føre seg ute i bedrift.

Praktisk undervising i bedrifter

Ved å flytte den praktiske undervisninga ut i bedriftene, vil elevane verte betre rusta til det som møter dei «der ute». Undervisninga vert meir realistisk, fordi investeringane i ny teknologi skjer raskare enn skulane kan halde tritt med, og det er ein stor gevinst av at næringslivet oftare er innom skulane som førelesarar.

Høgre i Regjering har derfor gjort fleire tiltak for å sikre fleire lærlingplassar. Lærlingtilskottet bedrifter får for å tilsetje lærlingar har auka med 21 000 kroner per kontrakt, i tillegg til at alle statlege bedrifter med over 100 tilsette no er pålagt å ha lærlingar. Samtidig stilles det no krav om at bedrifter må ta inn lærlingar for å vinne offentlege anbod. Det verste vi kan gjere mot ungdomane våre er å utdanne dei til arbeidsløyse. Difor er vi opptatt av at fleire skal velje yrkesfag, og sikre at dei yrkesretta utdanningsløpa er tilpassa behovet i næringslivet.

Skulane i Sogn og Fjordane har dei beste resultata i Norge, båe når det gjeld karakterar og fråfall. Vår visjon er at heile Vestland skal ha dei beste skulane, og det lågaste fråfallet. Dette gjer vi best på lag med det lokale næringslivet.

Til toppen