IMOT: – Ein slik kabel vil bety høgare kraftprisar, noko industrien spesielt og alle andre straumbrukarar vil merke, seier Aleksander Øren Heen (Sp).
IMOT: – Ein slik kabel vil bety høgare kraftprisar, noko industrien spesielt og alle andre straumbrukarar vil merke, seier Aleksander Øren Heen (Sp). (Foto: Synne Asheim Haga)

Vestland ynskjer ikkje at North Connect får konsesjon til å byggja straumkabel frå Hardanger til Skottland

– No håpar eg storting og regjering lyttar til Vestland fylke, seier Aleksander Heen, gruppeleiar Senterpartiet.

Vestland: Næringsutvalet i Vestland rår ifrå at det vert gitt konsesjon til North Connect til å byggja straumkabel frå Sima i Hardanger til Skottland. 

– Eg er svært glad for at fylkeskommunen seier klart nei til denne kabelen. No håpar eg storting og regjering lyttar til Vestland fylke, seier Aleksander Heen, gruppeleiar Senterpartiet, i ei pressemelding. 

– Ein slik kabel vil bety høgare kraftprisar, noko industrien spesielt og alle andre straumbrukarar vil merke. Senterpartiet meiner rimeleg kraft er eit av våre konkurransefortrinn, og krafta må brukast til å byggja ny næring i Vestland og i Noreg, seier Heen.

Vedtaket skjedde torsdag etter framlegg frå Sigrid Brattabø Handegard (Sp) på vegne av Sp, Ap, Sv og FrP. Forslaget fekk støtte frå MDG og FNB, medan H, V og KrF stemte imot. 

Redd auka kraftpris, nettleige og press på vindkraft

I framlegget innleia Handegard (Sp) med at ein ny utanlandskabel til eit land med høgare kraftprisar, generelt ville føre til auka kraftprisar i Noreg:

Basert på ei utrekning frå NVE, vil kraftprisane i Noreg auka med 1-3 øre per kWh i snitt over North Connects levetid på 40 år. 

– Dette vil føra til ein auka kostnad for alle elektrisitetsbrukarar i Norge, både husstandar, næringsliv og offentleg sektor, sa Handegard (Sp). 

Vidare blei det vektlagt at det er avgjerande at industrien, i eit høgkostland som Norge, ikkje vert påført auka kostnader med auke i kraftpris og nettleige. I framlegget blei det foreslått å heller elektrifisere meir av den norske industrien.

Avslutningsvis blei Hardanger trekt fram. 

– Hardanger er ein viktig frilufts- og reiselivsregion. Dette er også eit område som har ytt mykje av sin natur gjennom fleire store vasskraftutbyggingar tidlegare. Eit eventuelt løyve til å byggje den omsøkte kabelen, vil føra til auka press på utbygging av til dømes vindkraft i fjell- og fjordlandskapet i Hardanger, sa Handegard (Sp). 

Til toppen