PÅ VENT: Fylkesordførar Jenny Følling seier delte meiningar om reforma innad i fylkestinget er årsaka til at ho ikkje vil at dei formelle samanslåingsprosessane bør starte etter valet. Foto: arkiv.
PÅ VENT: Fylkesordførar Jenny Følling seier delte meiningar om reforma innad i fylkestinget er årsaka til at ho ikkje vil at dei formelle samanslåingsprosessane bør starte etter valet. Foto: arkiv. (Foto: Arkiv)

Vestlandet er lagt på is til etter valet

Men: – Skal det bli omkamp må det bli regjeringsskifte.

Loen: Det var under fylkestingsmøtet på Hotel Alexandra i Loen i dag, tysdag, at fylkesrådmann Tore Eriksen opplyste politikarane om at fylkessamanslåinga er sett på vent. Det skriv NRK.

Les også: Kommune- og regionreforma vedtekne i Stortinget

Søknaden om å få starte den formelle samanslåinga skulle eigentleg opp som eiga sak på møtet. I staden trekk fylkesrådmannen saka, i samråd med kollegaen i Hordaland og dei to fylkesordførarane.

– Skal det bli omkamp må det bli regjeringsskifte. Det er gjort eit vedtak i Stortinget, og held dagens fleirtal fram vil det bli gjennomført, seier Jenny Følling til NRK og legg til at eit splitta fylkesting er årsaka til at ho vil utsette saka til etter valet.

Til toppen