– Vi er i samtalar med Bergen og Stord/Haugesund om fusjon, stadfester direktør i Sisof, Randi Marie Sjøholt.
Førebels kan ho ikkje seie så mykje om innhaldet i samtalane. Mest sannsynleg vil det kome eit vedtak på eit møte 5. september.
– Det vi er opptekne av er å bevare studentvelferden vi har i Sogn og Fjordane. Det er det vi er opptekne av. Viss vi greier det, så er ein fusjon heilt grei, seier Sjøholt
Ho representerer Sisof i forhandlingane, saman med styreleiar og representant for studentane, Tollak Kaldheim.