MILDVÊR OG SNØRAS: Etter mykje snø må Vestlandet no bu seg på kraftig mildvêr og ein periode med mange snøras, melder Noregs vassdrags- og energidirektorat.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MILDVÊR OG SNØRAS: Etter mykje snø må Vestlandet no bu seg på kraftig mildvêr og ein periode med mange snøras, melder Noregs vassdrags- og energidirektorat.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Vestlandet må bu seg på mildvêr og snøras

Etter mykje snø må Vestlandet no bu seg på kraftig mildvêr og ein periode med mange snøras, melder Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Årdal/Lærdal: – Fleire lågtrykk er på veg, og det ser ut til at det blir ein krevjande start på snøskredsesongen på Vestlandet, skriv direktoratet i ei pressemelding.

På Austlandet og Nord-Vestlandet er derimot skredfaren liten sidan det har kome lite snø. Det er likevel venta ein liten auke i snørasfaren på Nord-Vestlandet på grunn av nysnø og vind.

Vêret frå sørvest er også venta å gje stor snørasfare i fleire regionar i Nord-Noreg dei neste dagane.

  • Sjekk vêret der du er på Porten.no HER.

For å ferdast trygt i fjellet, oppmodar NVE folk til å sjekka varslingstenesta varsom.no. Her vil NVE frå 1. desember til 30. mai leggja ut snøskredvarsel kvar dag for heile landet.

Det er fjerde sesongen snøskredvarslinga er i drift. I år skal tenesta vera endå betre enn i fjor.

– Det er installert mange nye vêrstasjonar i fjellet som gjer at datagrunnlaget blir betre. Dette er ei stor forbetring. Her har spesielt Statens vegvesen og Meteorologisk institutt gjort ein kjempeinnsats, seier Rune Engeset, leiar for snøskredvarslinga. (©NPK)

Til toppen