13 000 MINDRE: Investeringane på Austlandet utgjer 13.000 kroner meir per innbyggjar enn det innbyggjarar i vestlandskommunar får, viser tal Bergens Tidende har funne fram til. Foto: Senterpartiet.
13 000 MINDRE: Investeringane på Austlandet utgjer 13.000 kroner meir per innbyggjar enn det innbyggjarar i vestlandskommunar får, viser tal Bergens Tidende har funne fram til. Foto: Senterpartiet.

Vestlandet tapar i transportplan

Dei fire vestlandsfylka er dei som kjem dårlegast ut dei første seks åra i den nye transportplanen til regjeringa, viser utrekningar. 

Bergens Tidende har sett nærmare på tal frå regjeringa og kome fram til at investeringane på Austlandet utgjer 13.000 kroner meir per innbyggjar enn det Vestlandet får.

Tidlegare samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) meiner ubalansen heng saman med at halvparten av investeringane er sett av til jernbane.

– Det er vel og bra med jernbane, men mange fylke har ikkje jernbane. Dette går ut over fylke som Hordaland og Sogn og Fjordane, seier Navarsete.

Magne Rommetveit (Ap) i transportkomiteen på Stortinget synest òg det er uheldig at Vestlandet kjem dårleg ut.

– Det er endå eit teikn på at Rogaland bør bli med i ein vestlandsregion. Vi må stå meir samla for å kunna krevja retten vår, seier han.

Bergens Tidende peikar mellom anna på at Hordaland fleire gonger har blitt utropt til ein av vinnarane i Nasjonal transportplan (NTP), men peikar på at det berre gjeld dersom ein ser på heile 12-årsperioden.

Til toppen