FEM PROSENT: Berre 5 prosent av bedriftene på Vestlandet oppgir at dei har gjennomført investeringane sine som planlagt det siste året. Foto: Flickr/Harald Groven. 
FEM PROSENT: Berre 5 prosent av bedriftene på Vestlandet oppgir at dei har gjennomført investeringane sine som planlagt det siste året. Foto: Flickr/Harald Groven. 

Vestlandsbedrifter vegrar seg for å investere

Berre 5 prosent av bedriftene på Vestlandet oppgir at dei har gjennomført investeringane sine som planlagt det siste året. Resten av 2016 ser heller ikkje lovande ut.

  • Endret

Indre Sogn: Det kjem fram av Vestlandsindeks, ein rapport som blir utarbeidd kvart kvartal av Sparebanken Vest i samarbeid med Respons Analyse. 700 bedriftsleiarar i dei fire vestlandsfylka er intervjua i undersøkinga.

Den andre rapporten i år viser at den negative utviklinga for næringslivet på Vestlandet held fram. Sjølv om bedriftene samla sett har litt meir tru på framtida, rapporterer dei om rekordsvakt økonomisk klima.

Resultatindeksen, som indikerer korleis bedriftene opplever den økonomiske situasjonen dei siste tre månadane, har falle 1,5 poeng til eit rekordlågt nivå på 56,4 poeng. Til samanlikning aukar forventningsindeksen, som viser forventa utvikling dei neste seks månadane, frå 59,8 til 60,6 poeng.

Sogn og Fjordane lyspunkt

43 prosent av bedriftsleiarane svarar at 2016 ikkje vil vere eit godt år for å gjere større investeringar. I Rogaland, der olje- og gassnedgangen har gitt størst utslag, er denne delen på 52 prosent.

I Sogn og Fjordane ser det derimot lysare ut, om vi skal tru bedriftsleiarane. Der svarar 39 prosent «einig» på spørsmål om 2016 er eit godt år for investeringar, mens berre 21 prosent svarar «ueinig».

Det er særleg i bransjane shipping, transport og lagring og varehandel, bilverkstadar og anna tenesteyting at det er ei overvekt av bedrifter som trur 2016 blir eit dårleg investeringsår. Bedriftene som har størst tru på investeringsmoglegheitene, er innan jordbruk, skogbruk og fiske og overnatting og servering.

– Alvorleg

Investeringsevna har også vore laber det siste året. Éi av fem bedrifter opplyser at dei det siste året har vedteke å redusere, utsette eller kansellere planlagte investeringar. Berre 5 prosent seier at investeringane deira blir gjennomførte som planlagt, mens resten – 74 prosent svarar at dei ikkje har planlagt investeringar det siste året.

– Eit viktig verkemiddel for å få opp den økonomiske veksten og sysselsettinga på Vestlandet er å sikre tilstrekkelege investeringar for framtida. Eg synest det er eit alvorleg teikn når så mange seier dei endrar på investeringsplanane sine. Det kan i verste fall bidra til at denne nedturen trekkjer ut i tid, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest.

Hovudårsaka til investeringsbremsen er uvisse rundt etterspørselen i framtida. I tillegg svarar 23 prosent at den kjem av manglande tilgang til finansiering. (©NPK)

Til toppen