UT: Bismark Acosta får det raude kortet av dommar Martin Lundby. Martin Ramsland på Sogndal fekk også gult kort for fellinga som starta det heile. Foto: Halvor Farsund Storvik
UT: Bismark Acosta får det raude kortet av dommar Martin Lundby. Martin Ramsland på Sogndal fekk også gult kort for fellinga som starta det heile. Foto: Halvor Farsund Storvik

Vestlandsderbyet enda mållaust

Korta hagla på Fosshaugane og Brann fekk Bismark Acosta utvist, men Sogndal klarde aldri å utnytta overtalet.

Utgangspunktet framfor kampen framføre eit fullsett Fosshaugane Campus er greitt; Brann kjempar om sølvet i Tippeligaen 2016, Sogndal om å gjera sin beste sesong i det beste selskapet nokon gong.

Siger mot Brann vil også ta heilt livet av nedrykksspøkjelset; då har Sogndal ti poeng ned til Stabæk på kvallikplass med fire kampar att å spela.

0 min: Brann med avspark.

2 min: Frispark frå venstre for Sogndal. Gilbert Komsoon sler hardt inn, Leciejewski boksar ut.

3 min: Dobbelsjanse til Brann! Kaos inne i feltet; Dyngeland får boksa unna i første omgang, ballen kjem innatt i feltet, men situasjonen blir avverga. Dyngeland kunne ha pådrege seg straffe då han hamna på helane til ein brannspelar.

5 min: Innlegg frå høgresida til Sogndal som hamnar på nettaket til Leciejewski. Trøkk i starten!

7 min: Ny sjanse til Brann; Skaanes blir spelt gjennom, skyt frå 16-meteren, blir halvvegs blokkert, men ballen får ein skummel retning. Likevel ikkje trøkk nok i det halvblokkerte skotet til at det overlistar Dyngeland.

10 min: Brann med frispark frå høgre, rett utanfor 16-meteren, heilt nede ved dørlinja. Rett i klypene til Dyngeland.

13 min: Kjempesjanse til Sogndal! Langt innkast hamnar hjå Komsoon, han skyt frå rett innanfor 16-meteren, Leciejewski reddar, returballen trillar mot stolpen, men brannforsvaret er først på ballen og får avklart.

16 min: Litt rolegare ute på bana no, men mykje trøkk på tribunen. Jamspelt så langt, det kunne like godt ha stått 1-1 som 0-0. Dobbelsjansen til Brann var likevel det næraste me har vore mål.

19 min: Begge laga står høgt og spelet bølgjar att og fram. Høgt tempo i kampen.

23 min: Dommar i dagens oppgjer er forresten Martin Lundby frå Bøverbru IL. Totning, altså - truleg ein sindig kar. Kan vera rette typen i dag.

28 min: To kast nede ved dørlinja og ein corner til Sogndal på rappen utan at det vart all verda ut av det. Ramsland vart dytta på corneren, men ballen var nok for langt unna han til at det vart vurdert som hindring.

29 min: Furebotn med fint lite raid og ei avslutning frå 20 meter som hadde vore farleg om den gjekk ein meter lenger til venstre. Årdølen har vore frisk første halvtimen.

30 min: Raudt kort til Acosta, Brann! Tilløp til slagsmål etter ei felling Ramsland gjorde på ein brannspelar og Acosta slo til ein sogndalsspelar. Gult til Ramsland i same situasjon. Fleire spelarar var involvert i tumultane, men Acosta altså den argaste. Der fekk totningen bruk for sindigheiten sin.

35 min: Orlov ut, Jonas Grønner inn på Brann. Defensivt byte, altså - med tanke på at forsvarsspelaren Acosta vart utvist.

36 min: Halvsjanse til Sogndal ved Ramsland og Sveen.

39 min: Kampen har endra karakter etter det raude kortet - Brann ligg lågare i bana og Sogndal har hatt trykket, utan å skapa det heilt store.

44 min: Birkelund med skot frå 25 meter - ikkje spesielt farleg, men Leciejewski mista den - ingen sogndalsspelarar i nærleiken til å putta den.

45 min: To minuttar lagd til.

45 + 2 min: Pause. Dei ti første minuttane var dei artigaste. Så fekk altså 1.omgangen eit slags klimaks med slagsmålet og dei raude kortet til Acosta. Men Brann la seg lågd etter utvisinga, og det siste kvarteret var heller kjedeleg. 

46 min: Me er i gang att; Bolseth inn for Kjemhus på Sogndal i pausen, Karadas inn for Alvarez på Brann.

51 min: Lite har skjedd første seks minuttane av 2.omgang.

54 min: Tilløp til slagsmål igjen - Heltne Nilsen får eit spark på rista inne i eigen boks som utløyser tumultane. Ingen kort eller slag denne gongen.

57 min: Ramsland ut, Otoo inn på Sogndal.

58 min: Gult kort til Bolseth. Tilskodarane stussa over den.

59 min: Totningen er i ferd med å erta på seg stadioen her - peika feil veg då Sogndal fekk frispark. Men det enda med frispark den vegen det skulle.

60 min: Halvsjanse til Sogndal, innlegg frå venstre som går via brannfot og i boge med farleg retning, men ikkje farleg nok.

61 min: Gult kort til Furebotn. No er det meir halvstygt spel enn god fotball her.

63 min: Azar Karadas noko ufin mot sin gamle kollega Bolseth. Slepp unna kortet - publikum særs ueinige der (også).

67 min: To cornerar på rappen til Brann. Den første er Dyngeland litt på bærtur på, men brannspelarane i boksen får ikkje stokka beina. Den andre endar med frispark til Sogndal.

69 min: Corner til Sogndal - ufarleg.

71 min: Frispark midt inne på Brann sin banehalvdel ute til venstre - Komsoon slår inn og Otoo stussar utanfor-

72 min: Den såg publikum i mål! Karadas skyt i nettveggen frå 16-meteren, såg ut som ballen låg og rulla på innsida, men det var altså rett utanfor.

74 min: Ohh! Svært nære at Psyche stussar inn corneren frå Raitala. Sveen var også nære ved å stupa den i mål, men ballen gjekk mellom han og stanga, altså rett utanfor.

76 min: Enorm sogndalsjanse! Kontring, Komsoon kjem meir eller mindre åleine med keeper, men dundrar ballen rett over frå 12-13 meter.

80 min: Otoo brassar ut ballen på eigen 16-meter, og får applaus for det.

85 min: Luktar litt 0-0, dette. Har dabba av etter dei to store sogndalsjansane.

86 min: Gult kort til Daniel Braathen, Brann.

87 min: Furebotn kjeftar på Teniste for at han ikkje sprang slik årdølen ville på pasninga han slo.

89 min: Furebotn blir kåra til dagens spelar kan speakeren opplysa. Har vore kvass i dag, årdølen.

90 min: Tre minuttar lagd til.

91 min: Otoo med skot frå 20 meter, meteren over mål.

92 min: Birkelund med skot frå 18 meter via brannbein - over mål. Dobbelcorner i etterkant, endar ikkje med anna enn at Leciejewski får gult kort.

93 min: Slutt. Det enda 0-0.

Sogndal startar slik:

Keeper:

Mathias Dyngeland

Forsvar:

Taijo Teniste

Hannu Patronen

Christophe Psyché

Jukka Raitala

Midtbane:

Gilbert Komsoon

Henrik Furebotn

Eirik Birkelund

Lars Christian Kjemhus

Spissar:

Martin Ramsland

Ole Amund Sveen

Brann:  Leciejewski, Demidov, Acosta, Christiansen, Nouri, Skaanes, Alvarez, Heltne Nilsen, Braaten, Orlov, Sørensen

Til toppen