INTERNASJONALT SNITT: Vestlandsforsking står i spissen for ei gruppe forskarar frå USA, Japan, Hong Kong og Norge som no skal starte eit felles forskingsprosjekt. Foto: pressefoto.
INTERNASJONALT SNITT: Vestlandsforsking står i spissen for ei gruppe forskarar frå USA, Japan, Hong Kong og Norge som no skal starte eit felles forskingsprosjekt. Foto: pressefoto.

Vestlandsforsking leiar internasjonalt forskingsprosjekt

Skal undersøke korleis vi kan bruke stordata til å handtere klimakriser.

Sogndal: Forskarar frå USA, Japan, Hong Kong og Norge var nyleg i Sogndal for å markere starten på eit felles forskingsprosjekt om stordata og krisehandtering. I prosjektet legg dei opp til at studentar og forskarar kan arbeide hjå kvarandre i korte periodar.  

– Det er ikkje kvar dag vi samlar IT-forskarar frå tre universitet i USA, to i Japan, eit i Hong Kong og Universitet i Bergen i Sogn, seier Merete Lunde, direktør i Vestlandsforsking i ei pressemelding.

Prosjektet er finansiert av INTPART-programmet til Forskingsrådet, eit program som jobbar for at utdannings- og forskingsinstitusjonar i Norge skal knyte band med sterke fagmiljø i prioriterte land. 

– For Vestlandsforsking er det verdifullt å knytte til seg forskarar frå andre land. Det gir fagleg styrke til forskingsområda våre, og vi tek i vare rolla vår som brubyggjar mellom internasjonale kompetansemiljø og regionen, seier Lunde.

Les også: Klimaet kler av skianlegga

Stordata er eit moteord som både er sjølvforklarande og vanskeleg å få tak på. Sjølvforklarande fordi det handlar om store mengder data, vanskeleg fordi få vanlege dødelege heilt skjønar kvar desse dataa kjem frå og kva du kan bruke dei til. Vestlandsforsking har tenkt å bruke stordata i kampen mot klimakriser. Har du store nok mengder data kan du nemleg bruke dei til å spå kva som med stort sannsyn vil skje i framtida.

– Stordata vil vere eit effektivt verktøy for både offentleg og privat sektor framover, ikkje minst gjeld det å handtere kriser og naturhendingar som følgje av ekstremvêr. Fylket vårt skil seg frå andre landsdelar ved at vi her mest sannsynleg vil møte særleg store utfordringar knytt til ekstremvær og naturskadar, og det er viktig at vi i denne regionen er budd på å handtere dette på ein god måte, seier leiar for prosjektet, professor Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking.

Til toppen