Bergen/Sogndal: Stordata er eit moteord i dataverda og som namnet tilseier handlar det om å analysera enorme mengder informasjon, slik at ein forhåpentlegvis kan bruka den til noko nyttig.

For det internasjonale prosjektet Vestlandsforsking leier, er målet å gje hjelpemannskap livsviktig hjelp når krisealarmen går. Her kan stordata brukast til å finna ut kvar det var flest folk samla under eit jordskjelv, eller kvar det vil verta trafikkproblem etter eit ras, som er døme dei sjølve brukar.
– Me har samla ekspertar frå ulike forskingsområde for å utforska korleis ein kan gjera dette. Det handlar ikkje berre om å forstå stordata, men òg om etiske og juridiske spørsmål. Sensorar kan fanga opp informasjon overalt, frå videoar folk publiserer til meldingar dei sender til kvarandre. Me diskuterer både korleis vi kan bruka dette og kvar dei etiske og juridiske grensene går, seier prosjektleiar Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking i ei pressemelding
Måndag og tysdag var det arbeidsseminar for forskarar i BDEM-prosjektet. Seminaret var i regi av Vestlandsforsking, men vart arrangert på Universitetet i Bergen.
Gasper Bizjak frå Federation of the European Union Fire Officer Associations har store forventningar til resultata.
– Me veit at det er store mengder data der ute, men det er ingen kanal inn til kontrollrommet. Me forventar at akademikarane kan utvikla ei løysing som kan hjelpa oss å tolke informasjonen, sa han.