Sogn: Nasjonal transport var temaet då fylkesordførar i Vestland fylkeskommune møtte samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) i Stavanger førre veke. Det melder Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Utfordringar med skred, flaum, smale omkøyringsvegar, samt miljø og klima har vore gjennomgåande tema for kva som burde bli prioritert på fylkesvegane.
– Vestland er landets største verdiskapingsfylke. Etterslepet i den grunnleggjande infrastrukturen som fylkesvegnettet representer er til hinder for vidare vekst og næringsutvikling, sa fylkesordførar i Vestland fylkeskommune, Jon Askeland (Sp), under møtet.
Kartlegg dei største transportutfordringane
Arbeidet med ein ny nasjonal transportplan for åra 2022-2033 er i gang, og i det høvet er Hareide på norgesturné i dei største byane for å diskutera kva som burde bli prioritert. I tillegg besøker han næringslivet i regionane for å høyra kva transportutfordringar som er størst.
– Dette er starten på ein god dialog vidare, seier fylkesordføraren.