SAMLA VEGFRONT: Helge Orten (H) medlem transport- og kommunikasjonskomiteen, Roald Kvamme, fylkesvaraordførar (Ap) Hordaland, Jenny Følling (Sp), leiar av Vestlandsrådet og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jon Aasen (Ap), fylkesordførar Møre og Romsdal, Solveig Ege Tengesdal (KrF), fylkesordførar Rogaland, Knut Arild Hardeide (KrF), stortingsrepresentant. Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vestlandsrådet tok med seg klare vegkrav til hovudstaden

Ferjefri E39, skredsikring, ferjedrift og vegvedlikehald er sakene Vestlandet kjempar for.

Oslo: Vestlandsrådet hadde i dag, fredag, invitert stortingspolitikar til eit møte for å kjempe fram viktige vegsatsingar på Vestlandet. Håpet er at det enno er mogleg å påverke prioriteringane i Nasjonal transportplan.

Vestlandsrådet har fire saker dei meiner er viktigast: ferjefri E39, skredsikring, ferjedrift og vegvedlikehald.

– Verdiskapinga på Vestlandet er stor og sentrale politikarar må sjå at betre kommunikasjonar her er ei viktig nasjonal satsing, sa leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling under møtet, ifølgje ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les også: Fylkesordføraren er misnøgd med NTP

Når det gjeld E39 mellom Kristiansand og Trondheim er kravet å oppretthalde den statlege planen for gjere den ferjefri og opprusta i løpet av 20 år og at planen må fullfinansierast.

Når det gjeld ras og skred er kravet at vegnettet må vere sikra innan 2030, i tråd med tilrådingane frå Nasjonal rassikrigsgruppe. Elles ønskjer Vestlandsrådet meir pengar til vedlikehald av fylkesvegane og betre rammevilkår for kjøp av ferjetenester.

– Eg forstår behova som blir lagt fram frå vestlandsfylka, og vi er kjende med dei. Men for å endre prioriteringane no må dei to regjeringspartia, KrF og Venstre vere einige, sa Helge Orten (H) frå Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomité, ifølgje pressemeldinga.

Transport- og kommunikasjonskomiteen legg fram innstillinga til NTP for perioden 2018-29 for Stortinget 12. juni, der den skal handsamast 19. juni.

Til toppen