FORHANDLINGAR: Fylkestinga i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane kan komme til å vedta å gå saman i ein ny vestlandsregion i desember, om forhandlingane går som dei skal.​ Foto: Ida Grøttevik Slettevoll, KS. 
FORHANDLINGAR: Fylkestinga i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane kan komme til å vedta å gå saman i ein ny vestlandsregion i desember, om forhandlingane går som dei skal.​ Foto: Ida Grøttevik Slettevoll, KS. 

Vestlandsregionen kan vere eit faktum før jul

Fylkestinga i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane kan komme til å vedta å gå saman i ein ny vestlandsregion i desember, om forhandlingane går som dei skal.

Sogn og Fjordane: Fylka er godt i gong med forhandlingane om ein ny region. Før helga diskuterte forhandlingsutvalet mål for etablering, utvikling av tenester og oppgåver, økonomi og omstillingsavtale for tilsette. 

– Me er nøgde med forhandlingane så langt, og klimaet mellom partane er positivt og godt, seier Anne Gine Hestetun. Det er krevjande, men me oppfattar at alle er konstruktive, rause, og opptekne av å finne gode løysingar til det beste for innbyggjarane våre.

– Me er sikre på at me skal greie å jobbe fram eit godt avgjerdsgrunnlag som kan legge fundamentet for ein Vestlandsregion, seier dei tre fylkesordførarane Anne Gine Hestetun, Solveig Ege Tengesdal og Jenny Følling.

Samde om mål

Forhandlingsutvalet er einige om måla for etablering, og det står att mindre justeringar før denne delen av intensjonsplanen er klar.   

Når det gjeld dei andre temaa, har utvalet bede om fleire analysar knytt til desse for å sjå nærare på moglege konsekvensar og fordelar. Dette gjeld til dømes økonomi, omstillingsavtale for tilsette og teneste og oppgåver.

Fellesnemnd

Forhandlingsutvalet diskuterte også etablering av fellesnemnd. Fellesnemnda får ansvar for det førebuande arbeidet med etablering av ny region.

– Det er ein omfattande og viktig prosess som er i gang.  På det noverande tidspunkt er det verken mogleg eller ønskjeleg å gå i detaljar. Det er for tidleg i prosessen, og i respekt for arbeidet som no er i gang. Det ber me om forståing for, men me er på veg mot noko, seier dei tre fylkesordførarane.

Forhandlingane skal leie fram til ein felles intensjonsplan. Denne vil danne grunnlaget for etablering av ein ny Vestlandsregion beståande av fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Intensjonsplanen vert lagt fram til handsaming i dei tre fylkestinga i oktober. I desember handsamar dei tre fylkestinga etablering av ein ny region.

Forhandlingane held fram 1. og 2. september på Sola Strand hotell i Rogaland. Forhandlingane avsluttast i Førde 14. og 15. september med mål om å verte einige om ein endeleg intensjonsplan.

Til toppen