Det er Innovasjon Norge som står bak den årlege turistundersøkinga. Den viser at turistar på Vestlandet i fjor brukte 15,1 millardar kroner fordelt på 5,7 millionar overnattingar.

Til samanlikning hadde Austlandet 3,7 millionar fleire overnattingar, men turistane la likevel att mindre pengar (14 milliardar).
Les også: Disney etterlyser nye guidar i Sogn
Les også: «Utladalen er The dark side of the moon»
Berre Oslo overgår vestlandsregionen på forbruksstatistikken. Her brukte turistane 17,9 milliardar i 2015. Dei andre regionane er Nord-Norge (10,3 milliardar), Trøndelag (5,6 millardar) og Sørlandet (5,3 milliardar).
– Vestlandet trekker til seg både mange utanlandske turistar og førstegongsbesøkande med eit høgt forbruk. Dette er ei god utvikling for regionen, seier Cathrine Pia Lund, Direktør for Merkevaren Norge i Innovasjon Norge i ei pressemelding.
Dei fleste utanlandske turistane kjem frå Tyskland og Nederland. Vestlandet har òg ein større andel franske og amerikanske turistar enn dei andre regionane.
Ikkje uventa er dei som kjem hit interesserte i å oppleve fjordane og fjella. Heile 8 av 10 seier dei ønskjer å ta del i forskjellige aktivitetar i naturen. Sammenlikna med andre regionar i Norge, er turistane på Vestlandet òg meir opptekne av kultur, viser rapporten.