LIKAR JULA BEST: Medan dei på Vestlandet er i ekstase i adventstida, er dei på Austlandet mindre besett. I alle fall om vi skal tru historias første nasjonale måling av julestemning.​ Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Vestlendingane er mest begeistra for jula

Medan dei på Vestlandet er i ekstase i adventstida, er dei på Austlandet mindre besett. I alle fall om vi skal tru historias første nasjonale måling av julestemning.

Årdal/Lærdal: Er det mogleg å måle julestemning? Tydelegvis. For på  norskjuleindeks.no kan ein følgje julestemninga i Noreg dag for dag.

Ifølgje den særeigne målinga er det på Vestlandet ein finn personane med mest julestemning. Heile 63 prosent har den siste veka vore i julestemning. I Nord-Noreg og Sørlandet har 59 prosent julestemning og i Midt-Noreg er det 57 prosent. På Austlandet har berre 56 prosent julestemning.

– Me trudde det var jamt over betre julestemning i Nord-Noreg enn elles i landet, basert på dei første to vekene av prosjektet, seier administrerande direktør John Lauring Pedersen i Opinion Analyse.

Kvifor vestlendingane er så mykje meir begeistra for jula enn andre landsdelar gir ikkje målinga svar på. (©NPK)

Til toppen