EIN AV TRE: Over halvparten av pollenallergikarane på Vestlandet kjenner seg trøytte i vår- og sommarsesongen, men ein av tre vestlendngar behandlar likevel ikkje allergien sin med medisin. Foto: Sara Johannessen / NTB Scanpix / NPK
EIN AV TRE: Over halvparten av pollenallergikarane på Vestlandet kjenner seg trøytte i vår- og sommarsesongen, men ein av tre vestlendngar behandlar likevel ikkje allergien sin med medisin. Foto: Sara Johannessen / NTB Scanpix / NPK

Vestlendingar vegrar seg mot allergimedisin

Så mange som ein av tre vestlendingar lèt vera å behandla allergien sin i pollensesongen. Ingen andre stader i landet er det så stor del av allergikarane som ikkje tek medisin mot pollenplagene, viser undersøking.

Det er også flest allergikarar på Vestlandet som kjenner seg trøytte og slappe om våren og sommaren, viser undersøkinga som er gjort på oppdrag av Allergiguiden, fortel NRK.

– Viss det er tilfelle at kvar tredje allergikar på Vestlandet ikkje brukar medisin i pollensesongen, er det ikkje rart at så mange har store plager i pollensesongen, seier avdelingsleiar Sverre Steinsvåg ved øyre-nase-hals-avdelinga ved Sørlandet sjukehus.

Han meiner mange av plagene kunne vore unngått ved rett medisinering.

I undersøkinga kjem det fram at ein av fem vestlendingar vel reseptfrie medisinar mot pollenplager i staden for å gå til lege og få allergimedisinar på resept.

Astma- og allergi forbundet har ikkje noko imot reseptfrie medisinar, men rår folk til å gå til lege for å få rett diagnose og den beste medisinen.

Til toppen