IKKJE REDDE FOR HARD ARBEID: Leif Bjarne Sæle og Arvid Brennset jobbar godt saman, og tok utfordringa om å fiksa skyteskivene på strak arm.
IKKJE REDDE FOR HARD ARBEID: Leif Bjarne Sæle og Arvid Brennset jobbar godt saman, og tok utfordringa om å fiksa skyteskivene på strak arm. (Foto: Leikanger Skyttarlag)

Veteranane tok eit tak for skyttarlaget etter uvêret herja, fiksa skytebana på sju timar

– Når me slepp dei tre laus saman, så ordnar det seg.

Leikanger: Då eitt brått uvêr raste over skytebana i helga, øydela ein sterk vind skivetrekk-vogna og 100 meter bana til Leikanger Skyttarlag. Då stilte tre vetaranar opp for laget. 

Sju timar seinare stod bana og skivetrekk-vogna som nye att. 

–Me har flinke folk som ikkje er redde for å ta i eitt tak, og då ordnar det seg. Desse tre er nokre kløpparar. Dei utfyller kvar andre godt, seier Olav Skarsbø, dagleg leiar i Leikanger Skyttarlag. 

Som ny på 7 timar

Då skivene og bana vart øydelagt i eit brått uvêr laurdag, stod tre veteranar i frå skyttarlaget klare med det same. Allereie på sundag var dugnaden planlagt, og måndag stod skytebana som ny. 

STILLAR OPP: Skyttarveteranar Knut Strøm, Leif Bjarne Sæle og Arvid Brennset stilte opp for laget etter at bana vart rasert av sterk vind. På berre sju timar var bana som ny. Foto: Leikanger Skyttarlag

Knut Strøm, Leif Bjarne Sæle og Arvid Brennset tok utfordringa på strak arm, og gjekk laus på arbeidet klokka 9 i dag tidleg. Klokka 16 same dag var dei ferdig. 

– Når me slepp dei tre laus saman, så ordnar det seg. Me er heldige at me har folk som stiller opp, seier Skarsbø. 

Han fortel at Leif Bjarne og Arvid har vore med å bygga det nye huset til skyttarlaget, og seier at dei har vore viktige drivarar i det prosjektet over to år, medan Knut har peiling på elektronikken.

Skarsbø: – Me var heldige

Olav Skarsbø, Leikanger Skyttarlag
SKRYT AV VETERANANE: Olav, Skarsbø, dagleg leiar for Leikanger Skyttarlag, er imponert over dei tre karane, og seier laget er heldige som har dei. Foto: Halvor Farsund Storvik

Den sterke vinden reiv skivene laust i frå festa. Skarsbø fortel at dei var spente på å sjå kor ille skadene på utstyret faktisk var. 

Ein elektronisk feil hadde vore katastrofalt for skyttarane som skulle øva seg til landsskyttarstemnet som startar komande fredag.

– Me trudde kanskje det var verre. Skivene fekk jo ganske hard medfart, dei låg jo slengt kring heile området. Så me har hatt litt hell med oss det elektroniske ikkje var øydelagt, seier han. 

Saka held fram under biletet.

FEKK HARD MEDFART: Skyteskivene på 100 meter bana vart rivne i frå festa av den sterke vinden. No er dei som nye igjen, mykje takke vera Arvid Brennset. Foto: Leikanger Skyttarlag

–Det kom jo mykje regn og vatn, så det kunne fort ha vore meir utfordrande feil på utstyret slik at me måtte ha tak i deler, men det slapp me heldigvis. 

– Det var kjekt at det kom i orden før landsstemnet, slik at skyttarane får sjekka formen, og testa utstyret, sler han fast. 

Til toppen