OPNAR DØRENE: Komande veke opnar Vetti Gard endeleg dørene for årets sesong. Foto: Klingenberg Hotell.
OPNAR DØRENE: Komande veke opnar Vetti Gard endeleg dørene for årets sesong. Foto: Klingenberg Hotell.

Vetti Gard har fått eiga nettside

Og neste veka startar drifta opp på garden. 

Årdal: Då Klingenberg Hotell tok over drifta og opna opp att Vetti Gard i fjor, vart det tatt svært godt imot både hjå innbyggjarane i Årdal og ikkje minst tilreisande.

Ein driftsavtale er på plass med Berit Vetti, som eig garden, og det sikrar drift her i mange år framover.

– Det er veldig bra. Då får ein kontinuitet og utvikling av Vetti som turiststasjon. Det var synd for Årdal at garden var stengt eit år fordi han har tradisjonar heilt tilbake til 1800-talet og spelar ei viktig rolle. Me har store forventningar til sesongen, og det er allereie kome mange bookingar på førehand, seier informasjonsansvarleg i Klingenberg Hotell, Torunn Todal Laberg.

PERLE: Torunn Todal Laberg skildrar garden i Utladalen som ei perle. Arkiv
PERLE: Torunn Todal Laberg skildrar garden i Utladalen som ei perle. Arkiv

Ny nettside

Torsdag kunne ho endeleg lansere den nye nettsida til Vetti Gard, der ein får den informasjonen ein treng før ein tek turen innover Utladalen. Etter planen kjem sida på engelsk i neste veke. 

Denne nettsida er ein del av portalen Vettisriket, der ein både finn produkta til Klingenberg, men også andre tilbod i Årdal.

– I tillegg til å vise fram produkta våre, er dette ei side som viser fram Årdal som reisemål heilskapleg sett. Det syner fram fleire tilbod, ikkje berre våre eigne. Viss alle dreg ilag, dryp det litt på alle, meiner Laberg, som også håpar nettsida vil inspirere lokalbefolkninga.

– Det er heilt naudsynt å vere på nett i dag. Årdal skal satse på reiseliv, og då er vår haldning at me gir full gass, og då gjer me det på alle område. Dette er ei gyllen moglegheit til å profesjonalisere kommunikasjonsarbeidet og nå ut til fleire. 

Same vertskap som i fjor

På garden vil ein kunne ta seg ei natt dersom ein er trøytt og sliten eller rett og slett vil prøve noko nytt. Vertskapet er det same som i fjor med Lorita Jankovski og dottera Sita, samt Aloiz Cacs.

Artikkelen held fram under biletet.

OVERNATTING: På garden kan ein få seg ei heilt spesiell overnattingsoppleving i fascinerande og kontrastfylt natur.
OVERNATTING: På garden kan ein få seg ei heilt spesiell overnattingsoppleving i fascinerande og kontrastfylt natur.

– Vetti er ei perle. Kva anna kan ein seie? Det ligg fantastisk til, og det er ein verdi i seg sjølv at det ikkje er bilveg hit. Når ein då kjem frå Skogadalsbøen eller via folkevegen, så kjem ein til ein oase som ligg heilt i fred. Dette er ein plass å hente krefter og energi, og som gir gode naturopplevingar med fascinerande kontrastar, seier Laberg vidare.

– I sommar skal det bu vertskap her heile tida. Desse styrer med senger og ordnar med mat. Det fungerte kjempebra i fjor. Me trur det er viktig at nokon bur der, slik at ein får ei personleg oppleving når ein er på besøk.

Vetti Gard opnar onsdag 22. juni. Allereie då kjem det tilreisande og skal overnatte.

 

Til toppen