STOPPESTAD: Vetti gard og turiststasjon har lange tradisjonar som rasteplass for ivrige turgåarar. Foto: Erling Eggum/Vetti gard
STOPPESTAD: Vetti gard og turiststasjon har lange tradisjonar som rasteplass for ivrige turgåarar. Foto: Erling Eggum/Vetti gard

Vetti gard og turiststasjon har opna for sesongen

Driftsansvarleg Erling Eggum vonar folk tek turen innom den tradisjonsrike turiststasjonen i løpet av sesongen.

24. juni opna Vetti gard og turiststasjon for sesongen. Folk har allereie byrja strøyme på, og driftsansvarleg Erling Eggum er godt nøgd med besøkstalet så langt.

– Me har hatt ein del overnattingar, sjølv om det ikkje kjem så mange over fjellet på grunn av snøen.

Denne veka har det likevel komme ein del turgåarar ned frå Skogadalsbøen, noko som vitnar om at snøsmeltinga omsider er i gang.

Etter planen held turiststasjonen ope til 30. august, men vert pågangen stor kan det hende dei held det gåande litt lengre.

Aukar kapasiteten

Ved sidan av kaffi og vafler tilbyr Vetti gard påsmurte baguettar og anna godt til trøytte turgåarar – samt overnattingsplass for dei som ynskjer det.

For tida har garden overnattingskapasitet på rundt 10-12 personar, men planlegg å auke denne mot slutten av sesongen.

– Me held på med å betre fasilitetane, og har blant anna pussa opp interiøret og lagt inn nytt dusjanlegg. Innan midten av juli vil me kunne ta i mot dobbelt så mange overnattingsgjester, fortel Eggum.

Han legg til at dei allereie har fått mange positive tilbakemeldingar på opninga, og vonar folk tek turen innom i løpet av sesongen.

– Vetti gard har lange tradisjonar, og er å rekne som ein institusjon i reiselivssamanheng.

Ved å stikke innom turistasjonen kan turgåarane bidra til at tradisjonen held ved, slik at det vert mogleg å stoppe i Vetti for ein kaffi og noko å bite i dei kommande sesongane òg.

 

Til toppen