Årdal: – Då eg kom inn til Flaten gard såg eg at sola hadde kome til Vetti, fortel leiaren i Årdal gålag, Gunvor Nordås.
Om vinteren har gålaget pause, men gålagsleiaren er mellom dei som går turar vinter som sommar.

– Flaten låg i skuggen, og eg såg at sola alt hadde begynt å prikka seg opp att. Den garden ligg framleis der i mørkret og ventar på sola.
Men derifrå kunne ho sjå Vetti gard skina i sollyset oppi bakken. Men ho snudde der nede på Flaten, for snart kom det til å mørkna, og føret var sporete.
Det var ikkje mange som gjekk til Vetti denne dagen. Ho møtte berre ein person på heile turen, Stein Arne Larsson, heilt framme mot Vetti.
Han var inntil nyleg prest i Nedre Årdal kyrkjesokn, og er no fengselsprest i Vik.
– Eg snakka litt med han. Eg veit ikkje om han rakk heilt opp til Vetti, seier Nordås.
Gjekk heilt opp i sollyset på Vetti gard
Fengselspresten var attende i gamle trakter i Årdal i helga, og var om seg og tok ein vintertur i det fine vêret.
– Eg synest det var ein fantastisk fottur. Eg hadde ikkje venta at sola låg so godt heilt inn i Vetti, det var overraskande.

Larsson synest det er flott å gå turar no i byrjinga av februar.
– På denne tida av året er det vedunderleg å sjå sola sjølv om ho ikkje varmar so mykje. Det er til glede og inspirasjon. Det var flott å sjå garden i ettermiddagssola.
Han seier dette var ein slik tur som vil leggja seg på minnet.
– Dei fleste snur på Flaten. Men når eg såg sola på Vetti, so måtte eg koma meg opp. Garden var som Soria Moria der oppe. Det var eit vakkert syn.
– Var det ikkje veldig kaldt å gå tur no i helga?
– Nei, det var herleg. Det var heilt greitt med kulda, det var ikkje slik bitande luft, berre friskt.