God mat høyrer jula til. I år handla dei fleste av oss julemat for 190 kroner meir enn i fjor, men dessverre er det også mykje julemat som blir kasta. (Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK)
God mat høyrer jula til. I år handla dei fleste av oss julemat for 190 kroner meir enn i fjor, men dessverre er det også mykje julemat som blir kasta. (Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK)

Vi brukte over 24 milliardar på julemat

Pengane sit laust når nordmenn handlar julemat. I år brukte vi i snitt 190 kroner meir på ribbe, pinnekjøt og annan julemat enn i fjor. Den samla prislappen er på 24,3 milliardar.  

– Vi kosar oss veldig med god mat i desember, og vi ser at vi handlar mat for cirka 4.660 kroner kvar i desember. Det er 24 prosent meir enn det vi brukar dei andre månadene i året, seier Ingvill Størksen, direktør i Virke Dagligvare til NRK

Samla sett brukte vi i år 4 prosent meir på julemat enn i fjor. Det er godt nytt for Nortura som reknar med at det kjem til å bli selt 2.100 tonn pinnekjøt, 2.000 tonn julepølse, 650 tonn sylte og 600 tonn medisterkaker.

Men det store julematforbruket har òg ei negativ side. Meir enn 34.000 tonn av julematen vi kjøper inn, blir ikkje brukt og går rett i søppelet. Det er rundt 5.000 tonn meir enn det vi kastar elles i året, skriv NRK.

 – Ifølgje Framtiden i våre hender, kunne matkastinga i jula ha metta 900.000 menneske, heiter det vidare.

For å bøta på dette, oppmodar Ingvill Størksen folk til å laga ny og spennande restemat av juleribba og annan julemat.

Til toppen