MÅL: Ørjan Hippe Sørflaten skåra Sogndal sitt fjerde mål.
MÅL: Ørjan Hippe Sørflaten skåra Sogndal sitt fjerde mål. (Bilde: Youri van der Werve)

- Vi satsar på opprykk

Sogndal 2 er tilbake på tabelltoppen etter siger mot Årdal og satsar på tredjedivisjon til neste år.

Sogndal 2 - Årdal 5-0

Sogndal: – Vi stiller med eit bra lag her, så det vart forventa at vi skulle slå Årdal. Det tok litt tid før det satt, men så fekk vi skikkeleg trøkk på dei og klarte å komme inn bak og skape ting, fortel trenar til Sogndal 2, Rune Bolseth, etter at Sogndal 2 slo Årdal enkelt på heimebane måndag kveld.

Høg fart frå første sekund

Allereie i frå første sekund hadde Sogndal høg fart og dette beheldt dei i heile første omgang. Det tok tid før første målet kom, men etter 33 minutt låg ballen i mål då Johan Hove forsøkte seg frå litt utanfor 16-meteren.

Ikkje lenge etter satte spissen Bendik Bye inn dagens andre mål. Klaging på offside ville dommar Vegard Yndestad ikkje høyre noko om, dermed stod det 2-0 til pause.

Utvida ledelsen

Etter pause roa Sogndal litt ned, men Årdal klarte ikkje å koma særleg nærare heimelaget sitt mål. I staden var det Sogndal som fortsette å utvide leiinga.

To gongar kom Markus Brændsrød med gode innlegg frå høgre og både Edin Øy og Ørjan Sørflaten skåra frå kloss hald. Førstnemnde scora mot gamleklubben og ikkje minst far sin, som står på sidelinja for årdølene.

FRISPARK: Frisparket til Johan Hove fann hovudet til Ulrik Fredriksen, som dermed skåra dagens siste mål.
FRISPARK: Frisparket til Johan Hove fann hovudet til Ulrik Fredriksen, som dermed skåra dagens siste mål. Foto: Youri van der Werve

Ulrik Fredriksen heada inn det siste målet 20 minutt før slutt etter eit frispark frå Johan Hove. Dermed er Sogndal tilbake på toppen av tabellen i Kretsligaen.

Satsa på tredjedivisjon

Tidlegare har Bakke sagt at han vil ha Sogndal 2 opp i tredjedivisjon til neste år. Bolseth seier seg heilt einig i det.

– Ambisjonen vår er å rykke opp og få ein endå betre kampkvardag for gutane på Sogndal 2 og A-lagsspelarane. Vi går for å spele tredjedivisjon neste år.

Til toppen