DEBATT: – Eg meiner dei som tek på seg verv som tillitsvalte og politikarar, særskilt i små kommunar, fortener ros og oppmuntring. Ikkje hets og trugslar, skriv Tommy Aarethun.
DEBATT: – Eg meiner dei som tek på seg verv som tillitsvalte og politikarar, særskilt i små kommunar, fortener ros og oppmuntring. Ikkje hets og trugslar, skriv Tommy Aarethun. (Illustrasjonsfoto: Sunniva Knutsen)

MEININGAR

Vi treng dei gode debattane!

– Skal ein lukkast med å utvikla gode lokalsamfunn må ein vidare leggja til rette for eit debattklima som gjer det mogleg for folk å delta, skriv Tommy Aarethun i dette lesarinnlegget.

Lærdal: I ei pressemelding frå Lærdal kommune kunne ein 13.12 lese at «Lærdal kommunestyre tek sterk avstand frå all hets og truslar som einskildrepresentantar spesielt og kommunestyret generelt, har motteke i samband med saka om førarkort for flyktningar.»

Bakgrunnen for denne pressemeldinga er hets og trugslar i samband med at politikarane ynskjer at flyktningar i kommunen skal få hjelp til å skaffa førarkort. Einslege forsørgjarar får det gratis, andre får dekka 75 prosent av utgiftene. Ein kan vera samd eller usamd i om sjølve framlegget er godt, men det er ikkje hovudpoenget med dette innlegget.

Eg meiner nemleg det er heilt på sin plass at ei sak som denne vert drøfta. Ein bør alltid drøfte i kva grad tiltak som dette har ynskja verknad, og om det er noko som skal prioriterast. 

Gode debattar får ein ofte når ulike folk deltek, frå ulike ståstadar og med ulike perspektiv. Når det er sagt må ein også drøfte saker med bakgrunn i dei faktiske forhold. I denne saka bør ein til dømes ha med seg at dette er midlar som er øyremerka til bruk på flyktningar.

Når ein les kommentarane i sosiale medium i samband med denne saka ser det ut til at dette er noko som har gått folk hus forbi. Det er skuffande, og det bidreg ikkje på ein konstruktiv måte.

Oppmodar til konstruktiv debatt

Eg meiner dei som tek på seg verv som tillitsvalte og politikarar, særskilt i små kommunar, fortener ros og oppmuntring. Ikkje hets og trugslar. Dei gjer nemleg ein uvurderleg jobb til det beste for oss alle.

Tommy Aarethun. Foto: Privat

Skal ein lukkast med å utvikla gode lokalsamfunn må ein vidare leggja til rette for eit debattklima som gjer det mogleg for folk å delta.

Eg meiner Porten.no og diverse Facebook-grupper på ein god måte legg til rette for arenaer der innbyggjarar kan delta i debattar. Når det er sagt meiner eg at dei som vel å delta i denne typen debattar har eit ansvar. Eit ansvar for nettopp å bidra til ein konstruktiv debatt.

Denne saka meiner eg bidreg til å øydeleggje debattklimaet, og i ytste konsekvens bidreg den då til å gjera Lærdal til ein mindre bra plass.

Gjennom gode og konstruktive debattar kan ein i fellesskap bidra til at Lærdal vert betre, men då må ein i fellesskap også bidra til eit sunt og godt debattklima! 

Til toppen