FLYTTA HEIM TIL BYGDA: Vibeke Vigdal Øren (23) flytta tilbake til Årdal og starta i jobben som fysioterapeut og personleg trenar ved Årdal Gym.
FLYTTA HEIM TIL BYGDA: Vibeke Vigdal Øren (23) flytta tilbake til Årdal og starta i jobben som fysioterapeut og personleg trenar ved Årdal Gym. (Foto: Sunniva Knutsen)

Vibeke (23) flytta heim til bygda for å jobba: – Bygda treng at dei unge kjem tilbake

For eitt år sidan såg ho aldri for seg å flytta tilbake til bygda.

Årdal: I fjor lufta Ramona Szabo, dagleg leiar, ideen om at Vibeke Vigdal Øren kunne starta som fysioterapeut hjå Årdal Gym. 23-åringen lo ho opp i ansiktet, for det var ikkje snakk om at ho skulle flytta heimatt til bygda. 

Men på måndag hadde ho sin første offisielle arbeidsdag i heimbygda, og sjølv tykkjer ho at ho har skote gullfuglen.

– Tidlegare har eg følt, for min eigen del, at det liksom ville vera eit nederlag å skulle flytta heimatt, men eit år seinare, så kjenner eg at det er det einaste rette for meg, seier ho. 

Øren: – Ein kraftig kontrast

Vibeke studerte fysioterapi ved Høgskulen i Bergen, og er frå før av utdanna som personleg trenar. I vår fekk ho sertifiseringa som fysioterapeut etter fullført turnusår ved Voss sjukehus.

BYGDA TRENG AT DEI UNGE KJEM HEIM: Vibeke Vigdal Øren hadde aldri trudd at ho skulle starta i fast jobb i bygda, men no tykkjer ho det er midt i blinken. Foto: Sunniva Knutsen

Ho seier den nye kvardagen i Årdal er ein kraftig kontrast samanlikna med turnusåret. 

– Det siste året mitt valde eg å bu i Bergen, sidan eg spelte handball, og dagspendla fram og tilbake til Voss for å jobba. I tillegg hadde eg fullt opp med fleire treningsøkter på ettermiddagane. Det var hektisk, seier ho.

No derimot, brukar ho 6-7 minuttar på å rusla att og fram til jobb.

– Det er heilt andre dagar, men det er så godt. Eg merkar kor mykje betre energi eg har når eg er her, seier ho. 

Bygda er avhengig av at dei unge kjem tilbake

Ho fortel at valet om å flytta heim, sat litt langt inne først. 

– Eg har liksom sett føre meg at når ein er ung og flyttar heim, så tenkjer folk «nei stakar, klarte du deg ikkje ute i den store verda, du då?»

Ho sler fast at det er det bygda treng for å ikkje visna vekk.

– Me treng at dei unge kjem tilbake, og spesielt då dei kjem med ressursar som dei kan bidra med i bygda.

Vil jobba med unge idrettsutøvarar

Fysioterapi er så mangt, ifølgje Øren. Ho har jobba i det offentlege i kommunehelsetenesta og på sjukehus, noko ho syns var veldig gjevande. 

– Det er mykje sjukdom, og det veldig interessant å jobba med og det er veldig gjevande å kjenna at man er med å hjelpa folk.  

Likevel, så oppdaga ho at ho brann mest for å jobba med fysisk helse, noko ho får gjera i sin noverande jobb. 

– Eg har merka at eg har mitt brennande engasjement der eg kan jobba med til dømes unge idrettsutøvarar, om det er skadeførebyggjande eller rehabiliterande. Eller berre typiske PT-kundar som skal i form på eit eller anna vis. Eg har skote gullfuglen der, seier ho. 

Til toppen