SAMDE: Vibeke Johnsen (SV) vert varaordførar i Sogndal, etter at Senterpartiet og SV vart samde i forhandlingane seint tysdag kveld.
SAMDE: Vibeke Johnsen (SV) vert varaordførar i Sogndal, etter at Senterpartiet og SV vart samde i forhandlingane seint tysdag kveld. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Vibeke Johnsen (SV) blir varaordførar

Ein skikkeleg forhandlingsmaraton er over i Sogndal.

Sogndal: – Me vart samde for ganske kort tid sidan, seier Vibeke Johnsen til Porten.no rundt klokka 22:45.

Det som er klart no er at Arnstein Menes vert ordførar og Vibeke Johnsen vert varaordførar. Detaljane skal dei snakka vidare om i morgon.

– Me er glade for at me har fått eit bra resultat i valet, og er interesserte i å ta ansvar for å bygga nye Sogndal kommune, og ønskte å bidra gjennom å ha varaordførarvervet. Så skal me veksla det inn i politikk óg, sjølvsagt, seier Johnsen.

Påtroppande ordførar Arnstein Menes (Sp) fortel kvifor forhandlingane tok eit knapt døgn lenger enn planlagt.

– Me ynskte eit samarbeid med fire parti, der KrF og Venstre óg var med. Det fekk me ikkje til, men me har hatt gode samtalar alle fire partia, seier han.

Han lover å fortelja meir om innhaldet i samarbeidet onsdag.

Til toppen