HEIAR: Vidar Vadseth har lenge vore ein ihuga supportar av Sogndal Fotball.
HEIAR: Vidar Vadseth har lenge vore ein ihuga supportar av Sogndal Fotball. (Foto: Privat)

MEININGAR

Vidar Vadseth: – Per no ligg alt til rette for at Sogndal skal gjere det endå betre i 2021-sesongen

Men han meiner klubben kan sikte endå høgare.

No når ein har fått kampen mot Mjøndalen i går litt på avstand so kan ein byrja å reflektera litt over kvar me er og kvar me vil. Me har per i dag ein av dei yngste, mest lovande og mest spennande spelarstallen i Norsk Toppfotball.

Eg ser ikkje på Aalesund og Start so like gode so Tromsø og Lillestrøm

Vidar Vadseth

Etterkvart so lovprisinga av årets prestasjon kjem ut på eteren frå mange personar i klubb og frå personar rundt klubben, so får eg meg til å tenkja litt lenger fram enn 2021-sesongen.

Per no ligg alt til rette for at Sogndal skal gjere det endå betre i 2021-sesongen. Eg ser ikkje på Aalesund og Start so like gode so Tromsø og Lillestrøm, og me våre spelarar eit år eldre, so skal me ha gode moglegheiter neste sesong.

Men so er det dette med utskifting av spelarar, at ein må bygga på nytt, og ein må treffa på spelarane ein hentar inn. Slik Sogndal har vore dei siste sesongane, so er med ein transittklubb. Skal ein klara å bygga lag over tid so må ein behalda spelarar lenger enn det me gjer i dag.

Klubben har ei uttalt haldning om at Sogndal skal vere ein klubb for unge spelarar so vil opp og fram og Sogndal skal vere eit springbrett til større oppgåver. Dette er ei haldning so skuffar meg. Den gjer at eg ser på framtida med eit litt dystert blikk. Viss me ikkje vil vera noko meir enn det, so får ein det i framtida vanskeleg med å vinna interessa til folk. Då er ikkje Sogndal interessante lenger.

Mjøndalens Markus Nakkim scorer 3-2 målet av under kvalifiseringskampen til Eliteserien i fotball mellom Mjøndalen og Sogndal på Intility Arena. Foto: Terje Bendiksby

Korleis skal Sogndal fanga interessa til den oppveksande generasjon viss spelarstallen blir bytta ut kvart 3.-4. år og ingen rekk å få noko so helst forhold til spelarane og laget? Har Sogndal Fotball ein plan for dette? Eller skal me framleis vere ein transittklubb og ein farmerklubb for Molde og dei andre større klubbane i Noreg? 

Sogndal har den 10.-12. største økonomien i Fotball-Noreg og topp fasilitetar. Me hadde ein målsetnad om å vera blant dei 12 beste klubbane i landet, men det vart teken ut av sportsplanen fordi nokon meinte det var heilt urealistisk. Kvifor skal det vere urealistisk for Sogndal å vere blant dei 12 beste klubbane i landet? Kvifor kan me ikkje ha eit hårete mål om å vere det?

Eg tykkjer ikkje det er so hårete heller.

Eg har fulgt Sogndal sidan eg var gutunge og interessa for Sogndal har alltid vore sterk. Det er ikkje mange kampane på Fosshaugane eg har gått glipp av sidan seint 80-tal og eg har fått med meg nokre bortekampar på vegen óg, men eg har merka meg no dei siste sesongane at interessa er dalande.

Det kan vere at interessa er veksande hjå sofasupportarane, men det er noko vanskeleg for meg å ha sikta på. Og 2020 har vore eit meget spesielt år, men skal Sogndal klara å halde interessa oppe i framtida so er dei nøydde til å gjera grep og legga ein ny strategi i høve spelarlogistikken. Viss ein skal bygga klubb og lag, so er ein nøydd å halda på spelarar lenger enn det me gjer no. 

Stao no pao!

Til toppen