Akkurat no er Vidar Villa å sjå i årets sesong av «Farmen kjendis» på TV2. I juni er han i Lærdal.
Akkurat no er Vidar Villa å sjå i årets sesong av «Farmen kjendis» på TV2. I juni er han i Lærdal. (Foto: Jon Maximilian)

Vidar Villa til Jordeplerock

Vidar Villa har rundt 100 millionar støymingar på Spotify. I sommar står han på festivalscena i Lærdal.

Lærdal: –  Vidar Villa kjem til å bidra med fantastisk musikk og høg feststemning, i det som kanskje er vår beste line-up gjennom tidene, seier Helge Evensen Bjørkum, informasjonsansvarleg i Jordeplerock.

I går meldte lærdalsfestivalen at ein av Noregs største norskspråklege artistar vil stå på  festivalscena 26. juni. Vidar Villa har rundt 100 millionar strøymingar på Spotify og har blant anna hatt stor suksess med songen «One Night Stand».

– Jordeplerock har i alle år fokusert på å nå eit breitt publikum. Etter berre to artistslepp presenterer vi allereie ein miks av artistar som når store deler av våre trufaste festivalgjengarar, Evensen Bjørkum.

Under det fyrste artistsleppet i førre veke blei det lansert at Odd Nordstoga skal opptre laurdag 27. juni.

Til toppen