GJEKK VIDARE: Gutelaget til ÅTIL er klare for A-sluttspelet i Dana Cup. Bak frå venstre: Simen Mannsverk, Alexsander Barsnes, Jakob Hovland, Benjamin Turkovic, Mathias Rinde, Tobias Klepp, Anders Lereng og Sondre Hille. Framme frå venstre: Sivert Mannsverk, Eirik Lereng, Elias Mittet, Stian Hellebø og Andreas Reseland. Foto: Privat.

Vidare i Dana Cup som gruppevinnarar

Gutelaget til ÅTIL er klare for A-sluttspelet.

Årdal: Med 14-0 i målforskjell på to kampar kunne årdølene trygt kalle seg vinnarar av si gruppe i Dana Cup. 

Laget er dermed klare for A-sluttspel og 32-delsfinale i Danmark. Tysdag slo dei Skudenes IL 7-0, og seinare same dag putta dei like mange mot tyske Eintrach Immenbeck TSV.

Onsdag møter laget Eik Tønsberg IL. Neste kamp for gutane er torsdag. 

Til toppen