TIL LANDSFINALEN: Frå venstre Kenneth Dvergsdal (frå Skei), Jens Offerdal Lysne (frå Lærdal) og Jens Grytbakk Klingenberg (frå Årdalstangen). Even Stubhaug (frå Førde) var også med på laget frå automasjonslinja ved Årdal VGS, men var ikkje tilstades da bilete vart teke. Foto: Linda Nordheim
TIL LANDSFINALEN: Frå venstre Kenneth Dvergsdal (frå Skei), Jens Offerdal Lysne (frå Lærdal) og Jens Grytbakk Klingenberg (frå Årdalstangen). Even Stubhaug (frå Førde) var også med på laget frå automasjonslinja ved Årdal VGS, men var ikkje tilstades da bilete vart teke. Foto: Linda Nordheim

Vidare til landsfinale i gründercamp

Elevar frå Årdal vidaregåande skule vart nummer to fylkesfinalen i Enova sin gründercamp, med forslaget om elektriske bussar i Årdal. Neste stopp er landsfinale. 

Årdal VGS har vore med på Enova sin gründercamp dei siste åra i likheit med mange av dei vidaregåande skulane i fylket, fortel Linda Nordheim, faglærar i Automasjon ved Årdal VGS til Porten.no. 

Lokal energi for framtida

Oppdraga vart delt ut måndag, der elevane valde mellom fire oppgåver om lokal energi for framtida. Etter å jobba med oppgåvene saman med mentorar frå ulike bedrifter i Årdal tysdag og onsdag, presenterte dei resultatet for elevar og dommarar på Sogndal VGS torsdag. 

Fire lag frå Årdal VGS deltok i Sogndal, eit frå studieførebuande linje og tre frå linje for automasjon. Der var det laget til Kenneth Dvergsdal, Jens Offerdal Lysne, Jens Grytbakk Klingenberg og Even Stubhaug frå automasjonslinja som stakk av med sigeren. 

– Eg synast det er utruleg kjekt. Dette var noko dei tykte var kjekt og eg trur fleire vart inspirert, seier Nordheim. 

Til fylkesfinalen

Via videokonferande konkurrerte laget frå automasjonslinja i fylkesfinale mot lokale vinnarar frå Førde, Eid og Stryn. Med ein andreplass, etter det internasjonale laget frå Førde, skal begge laga forsvare fylket si ære på Enova sin nasjonale gründercamp.

Tende på elektrisk buss

Fredag presenterte elevane løysinga for elektrisk buss for Nils Solheim i Nettbuss i Årdal, som også har vore inne som mentor. Han tende på ideen og vil ta den med seg tilbake til bedrifta, fortel Nordheim. 

– I landsfinalen i Trondheim over nyttår får alle lag nye kreative oppgåver, noko elevane ser fram til. Det blir spennande å sjå kva dei finn på. Ingenting er betre enn å inspirere elevane til å tenkje på miljøvennlege energikjelder og berekraftig energi, seier Nordheim. 

Til toppen