FÅR BEHALDE MEDIEKLASSE: Utdanningstilbodet til dei vidaregåande skulane i fylket har blitt justert etter at søkartala vart kjende. Vidaregåande i Sogndal er lette etter at det vart kjent at dei får behalde andreklassen på medialinja trass låge søkartal. Foto: arkiv.
FÅR BEHALDE MEDIEKLASSE: Utdanningstilbodet til dei vidaregåande skulane i fylket har blitt justert etter at søkartala vart kjende. Vidaregåande i Sogndal er lette etter at det vart kjent at dei får behalde andreklassen på medialinja trass låge søkartal. Foto: arkiv.

Vidaregåande i Sogndal får behalde medieklasse

Fekk gladmeldinga av fylkespolitikarane i dag.

Sogndal: Hovudutval for opplæring har i dag bestemt kva utdanningsprogram og kor mange grupper som startar opp ved dei vidaregåande skulane til hausten.

I Sogndal hadde fylkesdirektøren føreslått å ikkje starte opp andreklasse på medielinja på grunn av for låge søkartal. Politikarane ville det anleis, noko Jorunn Vigdal, avdelingsleiar for Medium og kommunikasjon i Sogndal, er glad for.  

– Det viser at dei har høyrt på oss​, seier ho.

Les også: Desse vil bli rektor ved Sogndal vidaregåande skule

Ho fortel at foreldre, lærarar og elevar har drive tung lobbyverksemd i forkant av avgjerda for å nå fram med sitt syn. Eitt av argumenta har vore at få av elevane vil flytte på hybel til Førde for å halde fram studiane der. Samstundes har medielinja allereie mange faste samarbeidspartnarar i Sogndal.

– Her har du Sogndal fotball, UKM, Fjellsportfestivalen og andre aktørar som elevane tek oppdrag for gjennom ungdomsbedrifter. Andreåret er då dei tradisjonelt sett har vore mest ute, seier Vigdal.

Eitt anna poeng er at medielinja har gått gjennom ei omstrukturering, frå å vere eit yrkesfag til å verte studieførebuande.

– Det er difor det har blitt større klassar. Når du gjennomførerer ei slik omstrukturering tenkjer eg det er naturleg å få fullført eit treårig løp før du avgjer om det er liv laga eller ikkje, seier Vigdal.

Slik vart tilbodet endra ved vidaregåande i Sogndal:

  • Vidaregåande trinn 1 bygg - og anleggsteknikk vert redusert f rå 5 til 4 grupper
  • Vidaregåande trinn 2 byggteknikk vert redusert frå 3 til 2 grupper
  • Vidaregåande trinn 3 dataelektronikar vert redusert frå 2 til 1 gruppe
Til toppen