TOPPSKÅRAR: Mot Ullensaker/Kisa i kveld skåra Kristan Fardal Opseth sesongens andre hat-trick. Med det står han med 22 mål på 25 kampar i førstedivisjon.
Video

Video: Sjå han fullføre hat-tricket med ei lekker rumpedemping

Kristian Fardal Opseth var i fyr og flamme då Bodø/Glimt i praksis sikra opprykket med dagens siger. Mål nummer tre var av den heller utradisjonelle sorten.

Ullensaker/Kisa-Bodø/Glimt: 2-5

Kampen var trettiseks minutt gamal då kaupingen kom i vegen for eit mislukka skot. Ballen traff han nedst på ryggen, men vart på pikant vis til ei perfekt demping. Fardal Opseth kunne berre snu seg og putte ballen i mål, hans tredje og lagets femte for dagen.

Bodø/Glimt kunne allereie starte gullfeiringa, noko som Ullensaker/Kisa utnytta til å putte to på tampen.

Gultrøyene leiar no tabellen tretten poeng foran Start på andre, med femten poeng igjen å spele for og eit hav betre målforskjell.

Det siste skal Fardal Opseth ha ei stor del av æra for. Kaupingen skåra i kveld sitt 22 mål på 25 kampar i førstedivisjon og leiar kampen om toppscorartittelen med sju mål på nestemann.

Mellom stengene for bortelaget står forøvrig Stefan Hagerup, som til liks med hat-trick-helten Fardal Opseth forlot Sogndal i januar i år.

Til toppen