Årdal: – Det er ganske dumt. Eg får ikkje fremja innlegget slik at det når ut til fleire. Og eg forstår det ikkje heilt, for dei har gått gjennom videoen før og den vart godkjent då, seier Thorjørnsen.
Han har nyleg sleppt singelen «Hundre hol i armen» og laga ein musikkvideo til låta som ligg ute på Facebook.
Les også: No har Thorbjørnsen sleppt ei ny, sterk låt
Men så ville han fremja den, noko som gjer at videoen når ut til fleire. Der sa Facebook stopp
– Eg fekk mail om at det var for sterkt innhald og ikkje innanfor deira retningslinjer. Det er merkeleg, for eg får no opp videoar i min feed der folk er stygge med hundar eller folk blir skotne. Videoen er sterk, men det er no ikkje akkurat slik at nokon blir henretta.
– Kan sikkert ikkje nynorsk
Videoen er ein lang sekvens bilete, hovudsakleg av at narkomanar set sprøyte. Ein ser også innom eit likhus og eit fengsel og NAV-logoen dukkar opp.
– Det ser jo ut som det har stikk motsett effekt, eigentleg, for etter at eg la ut på Facebook at den har vorte utsett for sensur er den delt 40-50 gonger. Slik sett har det ikkje noko å seia, men det er lite aktivitet i høve kor mykje den er delt. Og den får jo ligga der, berre at den ikkje kan fremjas. Men vil dei ikkje ha pengane mine, så..
Han har nokre moglege forklaringar på kva som har skjedd.
– Kanskje har nokon rapportert meg. Så kan sikkert ikkje moderatorane nynorsk, så dei skjønar vel ikkje samanhengen mellom tekst og video.