TAR AV: Med slike bilete tar timelapse-videoen til Hans Smedegård frå Årdal tatt heilt av på Facebook. På under eit døgn har over 15 000 personar sett dei spektakulære bileta.
Video
TAR AV: Med slike bilete tar timelapse-videoen til Hans Smedegård frå Årdal tatt heilt av på Facebook. På under eit døgn har over 15 000 personar sett dei spektakulære bileta. (Bilde: Hans Smedegård)
Video

Videoen til Hans tar av på Facebook – over 15 000 har sett dei spektakulære bileta

Hans Smedegård viser fram heimbygda på ein heilt ny måte. 

Årdal: Blinkskota til lokale hobbyfotografar som kravlar oppetter fjellsidene dukkar stadig oftare opp i sosiale medium. No har Hans Smedegård frå Årdal tatt hobbyen eit steg lengre.

Søndag ettermiddag la han ut ein timelapse-video som syner kommunen frå ulike vinklar. Timelapse er mange bilete som er tatt etter kvarandre, med nokre sekund mellomrom, og sett saman til ein video som går raskare enn normalt.

Sjå videoen nedst i artikkelen.

Responsen har vore enorm. Måndag føremiddag har over 15 000 sett videoen. Nesten 500 har likt han, og over 260 har delt han. I kommentarfeltet renn det inn positive adjektiv.

HOBBY: Hans Smedegård frå Årdal er ein av fleire hobbyfotografar som får enorm respons på bileta han legg ut på sosiale medium. 
HOBBY: Hans Smedegård frå Årdal er ein av fleire hobbyfotografar som får enorm respons på bileta han legg ut på sosiale medium.  Foto: Privat

– Det tok fullstendig av. Kort tid etter at eg la han ut byrja det å koma kommentarar og delingar. Då skjønte eg at folk likte det dei såg, seier Smedegård og vedgår at sjølv om mykje av det han legg ut blir godt motteke, så har ingenting vore i nærleiken av dette.

God marknadsføring

For Årdals del, er dette noko som kan vera gull verdt i marknadsføringa av bygda, meiner Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

– Då me hadde ein runde med strategiarbeidet for reiselivet i Årdal for halvanna år sidan, hadde me med oss mange av dei som tar bilete. Der ønskte me at dei heldt fram med det, delte dei, og så skulle me dela vidare i våre kanalar. Det oppmoda me om og meiner er viktig, seier han.

– Me deler vidare i våre kanalar og med utanlandske pressekontaktar og bloggkontaktar. At ein får spreidd bileta er heilt avgjerande i mange samanhengar, og noko som skapar interesse. Me oppmodar eigentlehg fotografar frå heile Sogn om å gjera det sama.

20 000 bilete sydd saman

Men det har kosta tid. Når 20 000 bilete skal knipsast, redigerast, setjast saman og presenterast, tar det gjerne litt tid. 

– Eg har brukt halvannan månad på prosjektet. Det har blitt litt venting på det rette vêret for å få den beste effekten med fart i skyene og så vidare. Eg ville også ha med nordlys, og der traff eg første kvelden eg var ute på nordlysjakt, forklarar han.

Bileta er tatt med alt frå to til ti sekundar mellom, alt etter korleis ein ønskjer effekten av bileta skal vera.

– Det handlar om farten ein vil ha. Med folk og bilar må ein gjerne ha litt kortare tid mellom bileta. På ein solnedgang må ein ha litt lenger tid. 

– Artig å dela arbeidet

Smedegård var i utgangspunktet glad i gå tur og trena i fjellet. I 2015 kjøpte seg eit litt meir profesjonelt kamera enn det vesle lommekameraet han hadde frå før. Det var då det tok av. Med gode tips å henta på internett har han no tatt interessa eit steg lengre.

– Det er artig når ein kan dela arbeidet sitt med andre og få litt respons. Det er òg artig å prøva noko nytt, som kanskje er nytt for dei som ser videoen også.

Til toppen