Målrock 2017

Videopodkast frå Målrock: – Måpte då me kom køyrande inn fjorden

Sjå Porten.no sin videopodkast frå bak scena på Målrock.

ÅrdalDagny, Monica Rennan Hjelle, Sondre Lerche, Ketil Thorbjørnsen, Christer Falck og Thomas Norheim Moen er gjestar i videopodkasten frå Målrock-fredagen. 

Dagny og Monica forklarar korleis dei har enda opp på same scene, og ikkje minst kva for matplan dei to har for opphaldet i Årdal.

Sondre og Ketil diskuterer musikk, og tradisjonen tru har me testa dei begge i dialektord. Sjekk kven som stakk av med sigeren.

Christer fortel om Odd Einar Nordheim-prosjektet, kvifor han tilfeldigvis er i Årdal denne helga og kvifor han gjer alt for at årdølen med den store røysta endeleg skal lykkast.

Før det gir festivalsjef Thomas Norheim Moen deg ei oppdatering på korleis festivalen har gått så langt, og kva som er i vente.

Reporter er Truls Grane Sylvarnes.

Til toppen