NY REKTOR: Sogndal vidaregåande skule har fått ny rektor.
NY REKTOR: Sogndal vidaregåande skule har fått ny rektor.

Ho er ny rektor i Sogndal

Jorunn Felde erstattar Ole Jørgen Øygarden som sa opp stillinga.

Sogndal: Fylkesrådmannen har tilsett Jorunn Felde (51) som ny rektor ved Sogndal vidaregåande skule. Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding torsdag.

Felde sjølv er veldig nøgd med å ha fått jobben.

– Det er ein stor skule, med masse flotte elevar og pedagogisk tilsette, og spanande eksterne partnarar som me skal samarbeida med. Samstundes ser eg fram til å få jobba på ein skule med nye og flotte lokale, seier ho til Porten.no.

Felde er 51 år og bur på Leikanger, men har vakse opp på Byrkjelo. Ho har arbeidserfaring frå vidaregåande skule, i Statens vegvesen og hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, der ho i dag er organisasjon- og strategidirektør. 

Den førre rektoren, Ole Jørgen Øygarden, valde å seia opp stillinga tidlegare i oktober på grunn av ei forventa langvarig sjukemelding.

Det var sju søkjarar til stillinga.

Til toppen