Vik: Ein personbil har køyrt seg fast ved Storehaug på riksveg 13 over Vikafjell. Ein brøytebil skulle hjelpa bilen opp, men enda opp med å skli inn i bilen, opplyser Vegtrafikksentralen til Porten.no.
– Det er ein del snø over fjellet, og me har fått meldingar frå bilistar at det er glatt og vanskelege køyreforhold, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen, Marius Råve.
Det er ikkje meldt om personskader.
Vegen stengd
Det er ikkje rekvirert bilbergar, men bilen og brøytebilen forsøker ifølgje Vegvesenet å koma seg laus sjølve.
Råve seier det er mogleg for personbilar å passera staden, men ikkje for tunge køyretøy.
– Vegen vil bli halde stengt inntil vidare for å unngå trafikkork, seier Råve.
Klokka 08:42 melder Vegvesenet at vegen er venta å opna i løpet av ein time, ca klokka 10:00.