Nordfjord sjukehus
Nordfjord sjukehus (RAYMOND LIDAL / NRK)

Vikarlegen i Nordfjord testa negativt for korona tre gonger. Den fjerde kom tilbake positiv

Den svenske vikarlegen ved Nordfjord sjukehus og har ikkje hatt nærkontakt med pasientar.

Sjølv om ingen av pasientar er nærkontaktar, er tre tilsette i karantene. Det skriv Helse Førde i ei pressemelding. 

Legen gjennomførte tre negative koronatestar, før den fjerde viste positiv onsdag ettermiddag. 

– Har fulgt rutinar til punkt og prikke

Utanlandsk helsepersonell som kjem til landet for å arbeide, skal gjennom fire koronatestar den første halvanna veka. Dei skal testast ved dag 0, 3, 6 og 9. Dersom testane er negative, får dei jobbe.

– Legen testa negativt før avreise frå Sverige. Nye testar ved dag 0 og dag 3 var også negative. Onsdag ettermiddag kom så svaret på testen etter dag 6, seier fagdirektør i Helse Førde, Evy-Helen Helleseth. 

Testen på dag seks var positiv, og legen vart straks sett i isolasjon. 

– Så langt vi kjenner til, har legen følgt rutinar og regelverk for bruk av smittevernutstyr til punkt og prikke. Det gjer at det ikkje er nærkontaktar med pasientar, seier fagdirektøren.

Til toppen