STORYTELLING: Vitjar du vikingmarknaden i Gudvangen denne veka, kan plutseleg hollendaren Philip Aswind dukka opp og fortelja deg historier eller blåsa i sitt midtvintershorn. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun
STORYTELLING: Vitjar du vikingmarknaden i Gudvangen denne veka, kan plutseleg hollendaren Philip Aswind dukka opp og fortelja deg historier eller blåsa i sitt midtvintershorn. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun (Bilde: )

Vikingar valfartar Gudvangen

No er den årvisse vikingmarknaden i Gudvangen opna, og med den nye vikinglandsbyen som råme, ligg det an til rekordmarknad.

Aurland: - Eg lagar nålbindingsnåler i ulike materiale. Det har vorte veldig populært, både i Noreg og andre land. Mellom anna USA, Canada, England, Tyskland, Skandinavia elles og det siste som skjedde no var at eg fekk bestilling frå Australia, seier William Solberg frå Mjøndalen og Lidir viking- og bogeskyttarlag.

Den tradisjonelle opningsseremonien for vikingmarknaden i Gudvangen der høvding Georg Olafr Reydarson sjølvsagt stod for den offisielle opninga, har nyss gått av stabelen.

Artikkelen held fram under biletet

OPNA: Georg Olafr Reydarson og hans medvikingar opnar vikingmarknaden 2017.
OPNA: Georg Olafr Reydarson og hans medvikingar opnar vikingmarknaden 2017. Bilde:
PLASTER: Hjå denne svenske vikingen kan ein kjøpa handlaga knivar - og plaster, om ein skjer seg på kniven.
PLASTER: Hjå denne svenske vikingen kan ein kjøpa handlaga knivar - og plaster, om ein skjer seg på kniven. Bilde:

Inne i vikinglandsbyen har vikingar frå heile verda fått opp sine salsboder. Ein svensk viking sel knivar - og plaster, i fall nokon skulle skjera seg på knivane. Her finst økologisk honning og ei rekkje andre matvarer, store mengder artiklar i tre, stoff, metall og lèr. I det heile svært mykje unikt. For dette er ikkje masseproduserte varer.

- Her er det mykje for sivilistar, og veldig mykje for folk som er interesserte i det norrøne. Og det er jo ikkje berre vikingar. Svært mykje bra kvalitetsvarer. Veldig mange lagar tinga sjølve og er handverkarar, seier Frode Tufte, dagleg leiar i Gudvangen Utvikling, som eig Njardarheimr og Viking Valley.

Artikkelen held fram under biletet

HANDVERK: Mange av artiklane som blir selde på marknaden, lagar vikingane på staden.
HANDVERK: Mange av artiklane som blir selde på marknaden, lagar vikingane på staden. Bilde:

 

- Har vorte utruleg flott her

Solberg unnskuldar seg litt når mobilen hans ringjer.

- Huff, no vart det mykje ikkje-autentiske ting her, seier han til to potensielle kjøparar som fattar stor interesse for nålbindingsnålene hans.

Nålbinding var forløparen til strikking og teknikken vikingane brukte for å laga plagg av garn.

- Nålene lagar eg hovudsakleg av bein og gevir. Strikkinga kom  ikkje før på 11-1200-talet. Der drar du ei løkkje gjennom ei anna løkkje og nyttar to pinnar. Med nålbinding er kvart sting ein knute. Så du jobbar ikkje med eit garnnøste, men med ei trådlengd som du dreg gjennom kvar gong, forklarar Solberg.

- Meir omfattande enn strikking då, eller?

- Nææ, litt meir tid går det nok enn strikking og hekling. Ein seier gjerne at om ein brukar til dømes ein dag på å strikka ein sokk, brukar ein halvanna dag på same sokken med nålbinding.

Artikkelen held fram under biletet

NÅLBINDINGSNÅLER: Viking William Solberg forklarar korleis vikingane nytta teknikken nålbinding før strikkinga var oppfunne.
NÅLBINDINGSNÅLER: Viking William Solberg forklarar korleis vikingane nytta teknikken nålbinding før strikkinga var oppfunne. Bilde:

 

Solberg har vore viking dei tre-fire siste åra, og gjennom det meste av sommarhalvåret er han viking. Då går det i vikingtreff rundt om i landet. Men på vikingmarknaden i Gudvangen har han aldri vore før.

- Men det har jo vorte utruleg flott her med landsbyen dei har fått bygd opp. Eit svært godt initiativ.

Så populært at det kan bli plassmangel

Tufte, som sjølvsagt er viking sjølv, fortel dei ventar kring 500 vikingar til Gudvangen i løpet av denne veka.

- Eg er ikkje heilt sikker på kor mykje som dukkar opp. Me håpar nesten på litt avbookingar, for det kan bli litt plassproblem. Det er heilt vanvittig at så mange er på plass alt første dag. Storinnrykket plar koma torsdag.

Men marknaden er meir enn berre kjøp og sal. Eit tettpakka program heile veka består av mellom anna konsertar, føredrag, guiding og diverse aktivitetar og kurs.

- Det er stappfullt heile vegen. Blant føredraga finn me Lars Magnar Enoksen fredag om runene. Han er ein av dei desidert fremste der. Same dag har me også Kim Hjardar, forfattar av "Vikinger i krig".

Artikkelen held fram under biletet

STORINNRYKK: Frode Tufte, dagleg leiar i Gudvangen Utvikling, som eig Njardarheimr og Viking Valley, får fulle hyre med å finna plass til alle vikingane som valfartar Gudvangen denne veka.
STORINNRYKK: Frode Tufte, dagleg leiar i Gudvangen Utvikling, som eig Njardarheimr og Viking Valley, får fulle hyre med å finna plass til alle vikingane som valfartar Gudvangen denne veka. Bilde:

 

Plutseleg "storytelling"

"Storytelling" er eit av innslaga ein svært plutseleg kan støyta på under vikingmarknaden. Plutseleg dukkar Philip Aswind opp oog lurer på om eit kort føredrag om kva tysdag tyder, er av interesse. Eit slikt tilbod kan ein sjølvsagt ikkje lata gå frå seg.

- I skandinavia seier ein "tirsdag" i ulike variantar, i Holland "dinstag". Svært få veit kva det tyder, men det er "the day of the ding, eller thing". Difor er det dagen for kommunikasjon og marknad.

- Rette dagen å opna ein vikingmarknad på, med andre ord?

- Ja, det er heilt sant.

Aswind fortel at vikingnamnet hans kjem frå ein draum, og tyder vinden frå Asgard (heimen til ei stamme av gudar, journ.anm.). Vidare at han har vore på vikingmarknaden i Gudvangen mange gonger før, første gong i 2006. Men ikkje dei fire føregåande åra fordi det har kræsja med andre vikingtreff i USA.

- Veldig fint å vera tilbake her og sjå alle dei nye husa som har kome. Ei god kjensle.

Til toppen