I VEKST: Innbyggjartalet i Njardarheimr, vikinglandsbyen som er under bygging i Gudvangen, kjem til å variere. Men på det meste i sommar er det venta at over eit halvt tusen vikingentusiastar vil gje liv til den nye busettinga. Frå venstre: Greg, Laura med Alfarr på to år, Mal, Ingrid, Rune, høvding Olafr, Fjallar, Angela, Holger, Marie 
og Karl. Foto: GUAS.
I VEKST: Innbyggjartalet i Njardarheimr, vikinglandsbyen som er under bygging i Gudvangen, kjem til å variere. Men på det meste i sommar er det venta at over eit halvt tusen vikingentusiastar vil gje liv til den nye busettinga. Frå venstre: Greg, Laura med Alfarr på to år, Mal, Ingrid, Rune, høvding Olafr, Fjallar, Angela, Holger, Marie og Karl. Foto: GUAS.

Vikingbyen i Aurland kan bli kulissar for populær NRK-serie

– Det er aldri feil å få fine TV-bilete frå Nærøyfjorden ut til verda, seier primus motor for vikingane i Gudvangen.

Aurland: – Det er heilt fantastisk og dei er hjarteleg velkomne hit. Det kan bety mykje for Aurland kommune og reiselivet i heile Indre Sogn, seier Frode Tufte, dagleg leiar i Gudvangen Utvikling.

Han er i ekstase etter å ha vakna til nyheita om at produsenten bak TV-serien Vikingane ønskjer å filma ein mogleg tredje sesong i vikingbyen ved Nærøyfjorden i Sogn. Det er det NRK som melder.

– FANTASTISK: Frode Tufte i Gudvangen Utvikling ønskjer serieskaparane bak Vikingane hjarteleg velkomne. Bilde: Arkiv

– Har tenkt på Gudvangen lenge

Vikingane går på NRK og er er ein humoristisk dramaserie som har blitt populær både her heime og i utlandet. Serien blir spelt inn på norsk og engelsk samtidig.

– Det har vore viktig for oss som lagar serien, saman med NRK, å finna norske vikingbyar. Me har tenkt på Gudvangen lenge, men dei har drive med bygging og oppussing, seier produsent Anders Tangen i Viafilm til NRK.

Han fortel at dei har planlagt å reisa til Gudvangen for å ta ein kikk på landsbyen i løpet av nokre veker. Det er enno ikkje gitt grønt lys for ein tredje sesong, men i så tilfelle startar innspelinga i august eller september.

Planla med regissørar i tankane

At landsbyen passar perfekt som kulissar til filmar og seriar, er ikkje tilfeldig. Det er noko utviklingsselskapet tok høgde for i planlegginga og ein av grunnane til at dei har jobba hardt for at alt skal bli så autentisk som mogleg. 

– Når du står på innsida skal du føla at du har reist tilbake i tid. Jo meir me byggjer, jo betre vil den tidsmaskineffekten bli. I tillegg er det gode fasilitetar og infrastruktur, noko som gjer det kjempeenkelt å filma her. Dette er ting me har hatt i tankane når me laga konseptet, seier Tufte.

No ventar han i spaning på om det blir ein tredje sesong av serien og om valet i så fall fell på Gudvangen.

Tufte veit kva han ville ha gjort.

– Det er aldri feil å få fine TV-bilete frå Nærøyfjorden ut til verda. Dei skulle vore her no, det er så magisk her at det er heilt utruleg, seier Tufte.

Til toppen