NYE VIKINGHUS: Til neste år skal mellom anna dette bygget stå ferdig, som med servicefunksjonar og ein butikk opnar høvet til å driva vikinglandsbyen heile året.
NYE VIKINGHUS: Til neste år skal mellom anna dette bygget stå ferdig, som med servicefunksjonar og ein butikk opnar høvet til å driva vikinglandsbyen heile året. (GUAS)

Vikingbyen skal byggjast ut for tjue nye millionar

Hovudmålet er at den skal kunne halda ope heile året.

Gudvangen: Njardarheimr vart opna i sommar. Allereie no er det klart for neste steg i utbygginga av vikingbyen.

– Me er kjempenøgde, for å seia det mildt. No får me sikra heilårsdrift og det er kjempeviktig, seier Frode Tufte, dagleg leiar i Gudvangen Utvikling.

KLAR FOR NYE STEG: Frode Tufte i Gudvangen Utvikling.
KLAR FOR NYE STEG: Frode Tufte i Gudvangen Utvikling. Bilde: Arkiv

Tusen kvadratmeter med nye hus skal på plass. Det vil koma eit nytt inngangsparti mot hovudvegen, eit servicebygg med butikk, eit mathus, ei stor, tidsrett og fungerande smie, eit hus med ein stor hall for ulike arrangement, forskansingar og grøne vollar rundt byen.

– Me opnar klokka ti første mai neste år, så me har litt tidspress på oss. Men me gjer at me kan for å vera klare til opning, seier Tufte.

Det heile er venta å kosta 20 millionar kroner og Tufte spøkar med at dei har vore på vikingtokt for å få finansieringa i orden. I sanninga er det ein miks av 1,5 millionar frå Innovasjon Norge, banklån og eigne pengar dei har putta inn.

Men planane stoppar ikkje der. Ferdig utbygd vil Njardarheimr husa rundt førti bygningar, mellom anna er den 36 meter lange Gildehallen blant bygga som ikkje blir realiserte i denne runden.

Allereie i opningssesongen hadde Njardarheimr over 14.000 besøkjande, meir enn målet på 12.000. Det gjer at Tufte forsterka i trua på at storsatsinga skal lukkast.

– Me opna berre portane stille og roleg utan å gjera for mykje ut av det. Me hadde ein hektisk byggeperiode og hadde ikkje tid til for mykje pump og prakt. Så at me nådde 14.000 er ganske imponerande tal. No veit folk at me har krafta som skal til og at me ikkje tullar når me seier når me skal bygga noko, seier han.

HISTORISK STEMNING: Vikinglandsbyen i Gudvangen tiltrekker folk frå heile verda som ønskjer å oppleva korleis vikingane levde.
HISTORISK STEMNING: Vikinglandsbyen i Gudvangen tiltrekker folk frå heile verda som ønskjer å oppleva korleis vikingane levde. Bilde: GUAS
Til toppen